Flora vidaregåande skule
Khan på Scena.

Adil Khan på VIP-besøk

Dansar, skodespelar, programleiar og Norske Talenter-dommar Adil Khan besøkte oss 1.november i samband med VIP-prosjektet til Flora vgs.

Dansar, skodespelar, programleiar og Norske Talenter-dommar Adil Khan besøkte 1. november -18 Flora samfunnshus, i samband med VIP-prosjektet til Flora vgs. I kinosalen heldt Adil eit 2,5 timar langt foredrag for ei svært lydhør forsamling med VG1- og VG2-elevar.

Det var tydeleg at temaet psykisk helse kombinert med Adil Khan sitt engasjement og formidlingsevne trefte elevane på ein god måte.

Khan er opprinnelig frå Pakistan og vart kjend då han vann Dansefeber på TV Norge i mars 2006.

Tips ein ven Skriv ut