Flora vidaregåande skule
Utanriksministreren møter elevar frå internasjonal komite

Utanriksministeren vitja Flora vgs og snakka då med representantar frå skulens internasjoanle komite. Foto: Ingvar Torsvik Myrvollen

Besøk frå utanriksministeren

I dag vitja Utanriksminister Børge Brende skulen. Eit fullsatt auditorie fekk høyre og spørje om utanrikspolitikk. Etterpå møtte ministeren skulens internasjonal komité.

Utanriksministeren møtte elevar frå vg3 studiespesialiserande som har faga historie og politikk og menneskerettar. Ministeren haldt seg til fag og han meldte attende at elevane stilte han gode spørsmål om ISIS, terror, Myanmar, bekjempelse av fattigdom og om Marshall-hjelp. Etterpå møtte han elevar og lærarar frå internasjonal komité ved skulen og våre to Fredskorpsdeltakarar frå Malawi.

Ministeren fekk høyre korleis skulen har bygd opp prosjekta gjennom partnerskap stein på stein. Frå det starta i 2005 og fram til i dag kor kring 70 personar jobbar for å skaffe straum eller tilby utdanning på landsbygda i Malawi. Han syntes det var kjekt å få høyre frå elevane korleis dei deltek i prosjektet. Komitéen rapporterte også tilbake til ministeren korleis vi har nytta verkemiddelapparatet i bistanden - som FredsKorpset FK og Senter for internasjonalisering av utdanning - SIU som er dei som har støtta skulen si satsing.

Lærar Erik Veum og Fredskorpsdeltakar Gift Pankuku fekk også godt fram korleis vi som skule har stor nytte av fredskorpset sitt utvekslingsprogram. Gift og Jackson Mwakibinga som er lærar i entreprenørskap er ein ressurs for skulen.

Biletet viser Jackson Mwakibinga (FK deltakar), Ingeborg Wiik (internasjonal komité), minister Børge Brende, Johanne Grønnevik, Edwina Rossi (begge internasjonal komité) og Gift Pankuku (FK deltakar).

Valkamp eller ikkje, så sett vi stor pris på å få besøk av ein minister på skulen.

 

Tips ein ven Skriv ut