Flora vidaregåande skule»Elev og føresett»Elevtenester»Bibliotek
bibliotekaren i biblioteket, Liv Strømmen heiter ho.

bibliotekaren i biblioteket, Liv Strømmen heiter ho.

Bibliotek

Biblioteket har bøker, lydbøker, aviser, blader, filmar og spel. Biblioteket skal vere ein stad der elevar og lærarar kan finne alle typar informasjon.

Biblioteket kan hjelpe deg å finne den informasjonen du treng.

Søk i bibliotekbasen til Flora vgs.

Du kan også få opplæring i kjeldekritikk og i å vurdere den informasjonen du finn.

VIKO, NTNU sine gode nettsider om oppgåveskriving

Søk & Skriv, lærer deg om informasjonssøk.

Du må hugse å ta med deg lånekortet, for alt utlån blir registrert på data. Vi har og sjølvbetjent utlånsmaskin.  Elevane vil bli gitt opplæring i bruk av biblioteket. Målet er at elevane sjølv skal kunne finne fram i samlinga, men bibliotekaren er til stades for å gje hjelp og rettleiing i alle typar spørsmål. Bibliotekaren administrerer også inn- og utlevering av læreebøker.

Liv Høynes Strømmen er skulebibliotekar, i heil stilling. Biblioteket kan òg skaffe bøker og artiklar frå andre bibliotek der det er naudsynt. Biblioteket er ope heile skuledagen.

Utlånsreglar

  • Skulebeviset er biblioteklånekortet ditt her på skulen.
  • Det kan oppgraderast til Nasjonalt lånekort som kan nyttast i alle bibliotek i Norge, eboklån og filmlån.
  • Lånetida er 4 veker for bøker/lydbøker. 1 dag for filmar.
  • Du leverer bøkene til bibliotekaren, eller legg dei i innleveringskassa utanfor biblioteket.
  • Oppslagsverk, aviser eller siste nummer av eit tidskrift er ikkje til heimlån. Dette skal brukast på skulen, eller du kan ta ein kopi.

Ordensreglar

Biblioteket skal vera ein triveleg plass å vera for alle. Derfor er det viktig at du:

  • Ryddar opp etter deg.
  • Mat og drikke høyrer ikkje heime i biblioteket.
  • Det skal være arbeidsro i biblioteket.

 

 

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Liv Høynes Strømmen
Bibliotekar
liv.hoynes.strommen@sfj.no  
57 63 76 77

Relaterte lenker