Flora vidaregåande skule»Opplæringstilbod»Bygg- og anleggsteknikk
yrkesfagsklassane har ei feiring med mat og drikke på verkstaden til bygg

yrkesfagsklassane har ei feiring med mat og drikke på verkstaden til bygg

Bygg- og anleggsteknikk

Elevane på bygg- og anleggsteknikk har aktive og lærerike dagar både inne og ute, som legg grunnlag for fleire yrkes- og utdanningsvegar.

Bygg- og anleggsteknikk er eit yrkesfag, og Flora vidaregåande skule tilbyr:

Yrkesfagleg opplæring fører fram til eit yrke og gjev yrkeskompetanse med eller utan fag- eller sveinebrev. Du kan gå ut i yrkeslivet etter 3-5 år, eller du kan ta vidare utdanning, t.d. ved fagskule. Du kan også ta påbygging til generell studiekompetanse om du vil studere vidare ved høgskule eller universitet. 

Les meir om bygg- og anleggsteknikk og moglegheiter for yrkesvegar og vidare utdanning på vilbli.no; bygg- og anleggsteknikk.

Bygg- og anleggsteknikk på Flora vidaregåande skule

Bygg- og anleggsteknikk har to grunnkurs ved Flora vgs. Kvar av klassane har 12 elevar - noko som gjer at du vil få god oppfølging både i klasserom og på verkstad. På andre året kan du velje mellom vg2 byggteknikk og vg2 klima energi og miljøteknikk (KEM-linja).

Kvifor velje dette faget

Fordi godt handtverk alltid lønner seg. Det er 22 fag som rekrutterer frå bygg- og anleggsteknikk og ein vil bygge både hus, vegar, bad, ventilasjon og slott i framtida. Vi treng difor praktiske og kreative ungdommar som vil ta del i å bygge landet vidare. Byggenæringa har eit stort behov for faglært kompetanse og det er mange vegar for dei som ønskjer å gå vidare frå fagbrevet.

Tilhøve ved skulen

Skulen har nyoppussa, lyse og trivelige lokaler. Dei fire klassane gjer at det vert eit stort miljø av folk innan byggfaga. Nærleik til eit større yrkesfagmiljø gjer at ein også får jobba tverrfagleg og i samarbeid med andre yrkesgrupper. Kvar klasse har normalt 12 elevar. Elevane får vernesko, verktøy og klede ved skulestart.

Vegen vidare

Det er 22 fag som rekruterer frå bygg- og anleggsteknikk. Dei vanlegaste yrka frå Vg2 byggteknikk er tømrar og murar. På KEM-linja er det rørleggjar og blikkenslager.Etter tida på skule er du attraktiv for læretid og tilsetting i næringslivet. Pass berre på at du gjer ditt beste på skulen og held deg unna ugyldig fråvær.

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Øystein Garfors
Rådgjevar
Oystein.garfors@sfj.no
41 53 06 03

Relaterte lenker