Opplæringslova gjev elevar i norske skular rettigheiter. Kapittel 9a i opplæringslova er spesielt viktig då den gjev elevane rett til eit godt skulemiljø. Eit godt skulemiljø er viktig for å kunne lære, og kapittel 9a er det næraste elevane kjem ei "arbeidsmiljølov".
"alle elevar i grunnskolar og videregåande skolar har rett til eit godt fysisk og psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og læring".
Kapittel 9a - slik kan du bruke det
Kapittelet presiserer at kvar einskild elev har rett på eit godt fysisk og psykososialt miljø. Dersom elevane meiner at dei ikkje får ivaretatt rettigheitene sine, kan dei sjølv eller foreldra deira be om at skulen rettar på dette.
Det er etter opplæringslova tilstrekkeleg at ein "bed om tiltak", men vårt råd er at ein klagar skriftleg. Skulen er på si side nødd til å følgje forvaltningslovas reglar . Det betyr at vi må lage eit skriftleg vedtak, svare innan 4 veker. Vi har og informasjonsplikt om relevante opplysninger, om rettigheiter og om sakshandsamingstid. Dersom du ikkje får svar, eller ikkje er nøgd med svaret, kan du klage videre til fylkesmannen.
Skulens fysiske miljø
Å ha eit godt fysisk miljø kan være retten til bra toaletthøve og god luft og temperatur i klasseromma.
Skolens psykososiale miljø
Å ha eit godt psykososialt miljø er retten til eit inkluderande og trygt skulemiljø. Det er ikkje nok å ikkje bli plaga, men å ha rett på et godt miljø som fremmar trivsel og dermed også læring.
Informasjonen om rettane etter §9 vert gjeve til elevar og føresette slik hausten 2011
- Rektor informerer alle elevar og tilsette ved skulestart
- Kontaktlærar går gjennom regelverk og rutinar i klassen
- Skulemiljø er tema i alle elevane sin startsamtale med kontaktlærar
- Skulemiljøutvalet har gått informasjonsrunde
- Rektor har informert i plenum til føresette for elevar på VG1 på informasjonsmøte