Flora Vidaregåande Skule fekk innvilga midlar til utbygging i 2008. Sidan då har det vore stor aktivitet for å få på plass byggefase 1 som omfattar nytt sentralbygg med inngangsparti, kantine/kantinekjøkken, bibliotek og ulike grupperom/undervisningsrom, murerverksted, samt nytt garasjeanlegg. Desse er tatt i bruk våren 2011.
Byggefase 2 som omfatter rehabilitering av verkstadfløy, og byggetrinn 3 som omfattar rehabilitering av noværende teorifløy i blokk 1 og 2, skal være ferdig hhv innan haustferien 2011 og til skulestart 2012. Samla prosjektbudsjett er eit godt stykke over 100 millionar kr.
Skulen har i dag eit samla areal på over 10 000 kvm. Det er ei omfattande og kjærkomen utviding og rehabilitering som no nermer seg slutten, til glede for lærere, administrativt personale og elever.
