Gratulerer med tilbod om skuleplass ved Flora Vidaregåande Skule. Ved skulestart har vi gleda av å kunne ta deg i mot ved ein nesten ny skule. Ved skulestart 2011 har vi ny kantine, bibliotek, grupperom, medierom og fleie nye klasserom samt fellesområde. Før haustferien vil vi også bli ferdige med å pusse opp verkstadene på yrkesfag. Nedanfor finn du litt nyttig info før skulestart.
Første skuledag vert onsdag 17/08. Alle elevar møter kl 0845 i fleirbrukshallen på idrettssenteret.Det er viktig at du møter der du er tatt opp som elev slik at du ikkje mister skuleplassen din. Dersom du ikkje kjem til å møte vil vi at du tek kontakt med skulen snarast råd.
Bytte av programområde:
Dersom du ønskjer å bytte frå eit programområde til eit anna må dette skje skriftleg - og må leverast personleg til rådgjevarane eller i resepsjonen. Dei fleste klassar er i utgangspunktet fulle – men du kan vere heldig dersom du er tidleg ute og dersom det er nokon andre som ønskjer å bytte. Der det er fleire som ønskjer bytte er det førstemann til mølla.
Informasjon i Fronter og på nett:
Ved skulestart vil du få log-in til datanettverk og Fronter kor du vil finne både fagplanar, timeplanar og beskjedar som vil vere viktig for din skulekvardag. Her kan du også kommunisere med lærarane dine. Både lærarar og du som er elev har plikt til å følgje med i Fronter. Fronter si innlogging finn du via Flora Vidaregåande Skule si heimeside, www.flora.vgs.no Vi vil anbefale deg å sette denne som startside i nettlesaren din.
Rådgjevingstenesta:
Rådgjevarane på skulen er der for å hjelpe deg både til å gjere gode val med tanke på val av yrke og utdanning. Vi er der også dersom du har personlege, sosiale eller emosjonelle vanskar som har noko å seie for opplæringa. På skulen si nettside vil du finne nyttig informasjon som gjeld deg og di framtid samt kontaktinformasjon til dei tre rådgjevarane. Du finn også informasjon om val av språk og matematikk samt mange gode lenker om yrke, utdanning og karriere.
Skule-PC:
Fylkestinget i Sogn og Fjordane har vedteke at alle elevar som startar på Vg1 hausten 2011 skal nytte berbar datamaskin i opplæringa. Vi vil anbefale at du let Flora vgs kjøpe inn PC – IT ansvarleg vil då installere alle nødvendige programvarer slik at du er klar til skulestart. Du betaler då ein eigenandel på 890 kr per år i tre år (som er like mykje du vil få i utstyrsstipend) – men eig då maskina når du er ferdig. Du kan også velje å skaffe deg PC sjølv.
Musikk - valfritt programfag
Dette skuleåret kan elevar i vg1 på Idrett og Studiespesialisering velje eit 5-timars programfag i musikk i tillegg til dei obligatoriske timane sine. Elevar på studiespesialisering kan om dei ønskjer få dette faget godkjent som eit av programfaga dei skal velje i vg2 eller vg3, eller dei kan ha faget som eit ekstra fag.
Skulekvardagen:
På Flora vgs føl vi 14 dagars planar. I partalsveker (t.d. veke 2,4 osb) har elevane studiedag kvar fredag. Denne kan nyttast til å bli a jour med skulearbeid eller til å ta opp avtalte ekstraprøver. Skulen er open dersom det er ønskje om sjølvstendig arbeid.
Skuleskyss:
Bur du over 6 km frå skulen har du rett til gratis skuleskyss til og frå. Ta kontakt med ekspedisjonen på skulen for å få skysskort. Meir om skuleskyss finn du på www.sfj.no
Lån og Stipend:
Etter du har fått stadfesta skuleplass kan du gå inn på www.lanekassen.no og søke. Du må ha MinID for å kunne søke. Hugs at alle som søkjer får utstyrsstipend!
Vi gler oss til å møte deg – og vil med dette ønskje deg velkommen til eit nytt skuleår basert på læring, inspirasjon og trivsel.
Enn så lenge ha ein god sommer!
MVh Rådgjevarane