Det er mange som har spørsmål knytt til val av mattematikk på studiespesialiserande. Nedanfor har vi freista å strukturere litt av det du treng vite.
På vg1 har alle 5 timar matte i veka. Her kan du velge mellom 1P og 1T (Praktisk eller Teoretisk matte).
På studieførebuande er mattematikk obligatorisk på vg2. Hvis du ikkje vel fellesfaget mattematikk 2P eller 2T (Praktisk eller Teoretisk) med 84 timar som utgjer 3 timar i veka, må du i stedet velge 140 timar mattematikk som programfag. Her kan du velge mattematikk for realfag R1 eller mattematikk for samfunnsfag S1.
- Elevar som har tatt matematikk 1P i Vg1 kan halde fram med 2P eller S1.
- Elevar med 1T kan halde fram med 2P, S1 eller R1.
- Elever som tek R1 eller S1 kan ikkje samtideg ta 2P.
- Elevar med R1 eller S1 må velge eit annet programfag på minst tre timer.
Matematikk for Realfag (R1 og R2)
Matematikk for realfag er berekna på dei som tek realfag og reknast som den mest krevjende og avanserte matten det undervisast i den videregåande skulen. R1 er berekna å tilsvare både Matematikk for samfunnsfag 1 og 2. Realfagsmatematikken bygger på den teoretiske varianten av fellesfaget Matematikk, og ein bør difor forsikre seg om at ein har tilstrekkelig kunnskap før ein går i gang med R1 og R2. MATTE R1 og R2, tilsvarar tidligare 2MX og 3MX.
Matematikk for Samfunnsfag (S1 og S2)
Matematikk for samfunnsfag er berekna på dei som ikkje har planar om å ta mange realfag i vgs, men kan og takast av elevar som slit med matte men likevel vil ha eit realfaglig grunnlag å kunne bygge videre på. Matematikk for samfunnsfag bygger på både den praktiske og teoretiske varianten av fellesfaget Matematikk. MATTE S2, tilsvarer 3MZ
Dei som ikkje tek Matematikk..
...som programfag skal ha 3 veketimar (84 årstimar) av enten den praktiske eller teoretiske varianten av fellesfaget Matematikk.
Må eg ha mattematikk?
Dei aller fleste fag krev ikkje noko anna enn minste motstands veg - dvs at du tek mattematiken som er obligatorisk (enten praktisk eller teoretisk). Men at det kan vere lurt å ha mattematikk ellers i livet, uavhengig av krav er no ein annan ting.
Er du bestemt på å bli til dømes lege, dyrlege eller siviløkonom? Då krev dei fleste skulane at du har tatt matte tilsvarande R1 (eller S1 og S2) i tillegg til diverse andre krav. Vil du derimot studere til å bli ingeniør/sivilingeniør eller nokre andre realfag må du ha både R1 og R2.
Ei fullstendig oversikt over krav til ulike utdanningar finn du på Samordna Opptak.