Det handler om informasjon
Det handler om å finne, vurdere og bruke informasjon.
Biblioteket hjelper deg å finne den informasjonen du treng
- Opplæring i kildekritikk hjelper deg å vurdere den informasjonen du treng
- Opplæring i skriving av oppgaver, presentasjonar og fagtekst, hjelper deg å bruke den informasjonen du har valgt ut.
Biblioteket skal vere ein stad der elevar og lærarar kan finne alle typar informasjon.
Her skal det og vere mulig å finne alt, frå litteratur til fordjuping i skulearbeidet, eller ein spennande roman for lesing på fritida.
Vi har ei lita, men god samling av:
• Fag- og skjønnlitteratur
• Oppslagsverk av ymse slag
• Tidsskrift
• Aviser
• Lydbøker
• Klipparkiv
På biblioteket har vi sjølvbetjent utlånsmaskin,
men då må du hugse å ta med deg lånekortet. Du kan nytte deg av datamaskin med internettoppkopling, bruke fritimane dine til skulearbeid eller rett og slett slappe av.
Elevane vil bli gitt opplæring i bruk av biblioteket. Målet er at elevane sjølv skal kunne finne fram i samlinga, men bibliotekaren er til stades for å gje hjelp og rettleiing i alle typar spørsmål.
Liv Høynes Strømmen er skulebibliotekar, i heil stilling.
Ho kan òg skaffe bøker og artiklar frå andre bibliotek der det er naudsynt.
Biblioteket er ope heile skuledagen.