Skriv ut
blank blank
Val av framandspråk

I studieførebuande utdanningsprogram skal du, i tillegg til engelsk, ha et anna framandspråk som fellesfag. Framandspråk som fellesfag kan lesast på to nivå, nivå 1 og nivå 2.


Hadde du framandspråk i grunnskulen? 

Då kan du velge mellom å 
- Halde fram på nivå 2 i det samme framandspråket som du hadde på ungdomstrinnet - med 113 timar på vg1 (4 t/veka) og 112 på vg2 (4 t/v). Du kan også velge å ta framandspråk nivå 3 som programfag på vg3 med 140 timar (5 t/v). Flora Vgs kan tilby nivå 3 i spansk og tysk*.
- Starte med eit nytt framandspråk på nivå 1 med 113 rimar på vg1 og 112 på vg2. Du kan også velge å ta framandspråk nivå 3 som programfag på vg3 med 140 timar. Flora vgs tilbyr kun begynneropplæring i tysk skuleåret 2011/12. Skulen tilby nivå 3 i spansk og tysk*.

*Gitt nok elevgrunnlag til å starte opp faget
.


Hadde du ikkje framandspråk i grunnskulen?

Då må du 
- Starte på nivå 1 i eit framandspråk - med 113 timar på vg1 og 112 på vg2.
- Halde fram på nivå 2 i det samme framandspråket - med 140 timar på vg3. På Vg3 får du då færre timar til val av programfag.
- Flora vgs tilbyr kun begynneropplæring i tysk skuleåret 2011/12


Framandspråk det ikkje undervisast i

Dersom du kan eit framandspråk godt eller har eit anna morsmål enn norsk, svensk eller dansk, kan dette språket vere ditt framandspråk, på nivå 1 eller 2. Dersom det ikkje undervisast i språket ved skulen (dvs utover tysk, fransk og spansk), må du dokumentere kunnskap i språket ditt ved ein privatisteksamen.

 





Tilbake
Ansvarleg redaktør: Knut Chr. Clausen © Flora vidaregåande skule 2011