Skriv ut
blank blank
Tiltak for å redusere spreiing av svineinfluensa på Flora vidaregåande skule.

Tiltak for å redusere spreiing av svineinfluensa på Flora vidaregåande skule.

Til opplag på alle klasserom og nettpublisering. Oppdatert 160809. Del av skulen si pandemiplan.

 

Det er et mål for samfunnet at influensaviruset spreier seg så langsamt som råd er.
Slik får ein tid til å ta seg av, behandle og vaksinere dei som treng det mest. Det er difor du får informasjon ved skulestart, både på fellesmøtet og hjå kontaktlærar. Vi vil likevel be deg huske dette:

 

Symptom

Svineinfluensa gjev same symptom som vanleg influensa. Feber (må du ha!) og i tillegg smerter i ledd, luftvegsplagar, hovudpine osb. Vanlegvis kjem influensa seinare på hausten/vinteren. Om du får influensasymptom i haust kan det difor vere svineinfluensa.

 

Kontakt lege – hald deg heime om du er smitta

Kontakt lege om du trur du er smitta. Om du vert influensasjuk skal du vere borte frå skulen i 7 dagar. Etter 7 dagar smittar du ikkje lenger andre. Gi alltid melding til skulen når du vert borte frå skulen.

 

 Om du har ein annan sjukdom – kjem du på skulen når du er frisk!

 

Slik smitter influensa:

Influensa smitter med ”dråpesmitte”. Nysing, hosting osb. Viruset overlevar nokre timar utanfor kroppen (t.d. handtak, tastatur, bordflater).

 

Smittevern på skulen:

- Vaske hendene med såpe og vann før du t.d. spiser eller tek deg til ansiktet med hendene. Ved all handvask skal du tørke deg med papir, skru igjen kranen med papir og kaste papiret.

- Snyt deg i papir, som du kaster etterpå.

- Hoste / nyse med papir framfor munnen, eller til naud host/nys i albogekroken. Ikkje i hendene eller ut i lufta!

- I kantina får du ikkje lenger forsyne deg sjølv. Du får maten på papir eller tallerken.

- Vasskjølarane / springane må du bruke slik at du ikkje spreiar smitte ved kontakt mellom flaska di og springen.

 

For deg som er i risikogruppa

Er du i risikogruppa som kan få alvorligare sjukdomsforløp av svineinfluensa, må du kontakte lege om du får symptom, bor i lag med sjuke eller trur du elles er utsett for smitte.

Risikogruppa er dei som frå før har kronisk luftvegssjukdomar, nedsett lungekapasitet, hjarte-karsjukdomar, nedsett forsvar mot infeksjonar, diabetes type 1 og type 2, kronisk nyresvikt, alvorlig nevrologisk sjukdom og gravide.

Folk i risikogruppa må følgje legen sine råd!

 

Denne informasjonen er basert på tilgjengeleg informasjon frå skuleeigar, Utdanningsdirektoratet, helsemyndigheitene og kommunehelsetenesta og gjeld inntil skulen får nye retningsliner.

 

Rektor

 





Tilbake
Ansvarleg redaktør: Knut Chr. Clausen © Flora vidaregåande skule 2008