Skriv ut
blank blank
Helse og sosialfag

Helse og sosialfag
"..representerer tradisjonar og verdiar som er viktige for å dekkje fysiske, psykiske, sosiale og åndelege behov hos ein sjølv og andre... ulike arbeidsområde innanfor tilbodet av oppvekst-, helse- og sosialtenester.."


Helse- og sosialfaga representerer tradisjonar og verdiar som er viktige for å dekkje fysiske, psykiske, sosiale og åndelege behov hos ein sjølv og andre. Kunnskapar om helsefremjande arbeid, livsstilssjukdommar og arbeidsmiljø er med på å førebyggje helseskadar i befolkninga. Yrka representerer ulike arbeidsområde innanfor tilbodet av oppvekst-, helse- og sosialtenester.

Grunnleggjande kunnskapar om yrka innanfor programområdet er viktig for å stimulere til tverrfagleg samarbeid og heilskapleg tenking. Yrkesidentiteten blir utvikla i samhandling med andre ved at dei stadfester eller utfordrar tankane ein sjølv gjer seg om yrket.


Generell informasjon Vg1 Helse- og sosialfag:
For å kunne arbeide med menneske i alle livssituasjonar krev det at ein har gode kunnskapar om kommunikasjon og samhandling. Bevisstgjering av eigne haldningar og dugleikar gir kompetanse som gjer at ein blir godt skikka til yrket, yter god service og tek medansvar for arbeidsmiljøet. Denne kompetansen vil kunne bli overført til andre livssituasjonar, og vil vere eit godt grunnlag for livslang læring.
Målsetjinga er at hovudområda innanfor programområdet på Vg1 utgjer ein heilskap. Heilskapen skal gi elevane ei felles plattform for vidare yrkesval, og samtidig vera tverrfagleg slik at det gir rikeleg rom for å tilpassa opplæringsløpet til føresetnaden hos den einskilde.
Det blir lagt vekt på å utvikle fagleg forståing gjennom kunnskap, refleksjon, etisk bevisstgjering og respekt og toleranse for det som er annleis, i opplæringssituasjonar som er jordnære, og som knyter teori og praksis saman til ein heilskap.


Fag- og timefordeling:

Fellesfag ( 12 timar/veke)

* Norsk 2 timar/veke
* Engelsk 3 timar/veke
* Matematikk 3 timar/veke
* Naturfag 2 timar/veke
* Kroppsøving 2 timar/veke

Felles programfag 17 timar/veke

* Yrkesforståing og yrkesidentitet
* Kommunikasjon og samhandling
* Helsefremjande arbeid
* Prosjekt til fordjuping 6 timar/veke

Yrkesforståing og yrkesidentitet
Yrkesforståing og yrkesidentitet handlar om eigenarten til dei ulike yrka og om krava som må setjast til god yrkesutøving. Sentrale lover og allmenne spelereglar som gjeld i arbeidslivet, er vesentleg.
Hovudområdet legg grunnlag for vidare yrkesval og moglege karrierevegar. Helse- og sosialtenester og oppvekstmiljø i det fleirkulturelle perspektivet er viktig.

Kommunikasjon og samhandling
Kommunikasjon og samhandling handlar om møtet mellom menneske, uavhengig av alder, språk, kultur, religion, livsførsel eller funksjonsnivå.

Å forstå eigen veremåte og eiga åtferd er særleg viktig innanfor programområdet sidan brukarane ofte er sårbare eller avhengige av tenesta som yrkesutøvaren representerer.
Hovudområdet handlar òg om dei krava samfunnet set til at yrkesutøvarane innanfor helse- og sosialfaga viser sosial kompetanse og ansvar, yter service og legg vekt på brukarmedverknad.

Helsefremjande arbeid
Helsefremjande arbeid handlar om samanhengen mellom livsstil og helse. Sentrale element er førebyggjande tiltak i samband med livsstilssjukdommar og hygienetiltak for å hindre smitte.
Hovudområdet tek for seg den viktige oppgåva å dekkje heilskaplege behov både sosialt og kulturelt, og bevisstgjer det å ta vare på eiga og andre sin fysiske og psykiske helse.
Hovudområdet tek òg for seg grunnleggjande dugleikar i førstehjelp og kunnskapar om korleis kroppen er oppbygd og fungerer med tanke på ergonomi og livsstilssjukdommar.

Prosjekt til fordjuping 6 timar/veke
Prosjekt til fordjuping skal gi moglegheit til fordjuping i ønska lærefag eller moglegheit for breiare kompetanse innanfor valt utdanningsprogram på VG1 og valt programområde på VG2

Vegen vidare:
Vg1 Helse- og sosialfag gir grunnlag for å søkje Vg2 i programområda Ambulansefag, Barne- og ungdomsfag, Fotterapi, Helsefag, Helseservicefag, Hudpleie eller Ortopediteknikarfaget.





Tilbake
Ansvarleg redaktør: Knut Chr. Clausen © Flora vidaregåande skule 2008