Skriv ut
blank document image 1
Frå venstre: Stian Isene (Flora vgs), Kristina Erikstad Sæterdal (Hafstad vgs), Håkon Aleksander Hartved Olsen (Hafstad vgs), Kine Berg Aalhus (Øyrane vgs) og Ole Jacob Lid (Flora vgs).
document image 2
Frå venstre: Ole Jacob Lid (Flora vgs), Stian Isene (Flora vgs)
blank
Vil hente energi frå treningsapparat
MARKERTE SEG I NM: Eit felles lag frå Sogn og Fjordane samansett av elevar frå Flora, Hafstad og Øyrane vidaregåande skule, gjorde det i helga godt i NM i gründercamp i Trondheim.

Laget frå Sogn og Fjordane gjorde det skarpt i konkurransen og enda til slutt opp blant dei 6 beste av totalt 27 deltakande lag. Ideen deira gjekk ut på å gjere all energi som vert produsert av treningsapparat om til elektrisk straum.

Gruppa førebudde seg godt, brukte alle dei 24 timane i døgnet, laga ein god forretningsplan og vart plukka ut til finaleheatet. Dette innebar også at dei måtte fram å presentere ideen sin for juryen, leiinga i Ungt Entreprenørskap nasjonalt og for alle dei andre deltakarane på campen.
Vinnaren kom frå Sør Trøndelag og hadde ein idé om eit energieffetivt hus.
Arrangementet er i regi av Ungt Entreprenørskap i samarbeid med ENOVA og har fokus på fornybar energi og løysingar for å effektivisere energibruken. Arrangementet gjekk av stabelen 27 - 29 januar i Trondheim.

 

 

 

 


 




Tilbake
Ansvarleg redaktør: Knut Chr. Clausen © Flora vidaregåande skule 2008