Skriv ut
blank blank
Fagbrev eller studiekompetanse?
Sogn og Fjordane fylkeskommune tilbyr vidaregåande opplæring spesielt tilrettelagt for vaksne. Tilbodet fører fram til fagbrev eller til studiekompetanse som kvalifiserer for opptak ved høgskular og universitet. Du avgjer sjølv kva tilbod som er mest aktuelt for deg.


Vidaregåande opplæring for vaksne
 

Sogn og Fjordane fylkeskommune tilbyr vidaregåande opplæring spesielt tilrettelagt for vaksne. Tilbodet fører fram til fagbrev eller til studiekompetanse som kvalifiserer for opptak ved høgskular og universitet. Du avgjer sjølv kva tilbod som er mest aktuelt for deg.

 

Du som har fullført grunnskule eller tilsvarande, men som ikkje har fullført vidaregåande opplæring, har etter søknad rett til vidaregåande opplæring.

Tilbodet gjeld frå og med det året du fyller 25 år.

 

Opplæringa er gratis, og du får låna lærebøker. Anna skulemateriell og reisekostnadar må du dekka sjølv.

 

Undervisninga vil bygga på den erfaringa og kompetansen du har skaffa deg gjennom arbeid eller på annan måte. Alle som søkjer kan få vurdert realkompetansen sin. Godkjend realkompetanse kan korta ned på opplæringstida.

 
 
Har du spørsmål?

Ring Sogn og Fjordane Fylkeskommune, Opplæringsavdelinga: 

Helene Erfjord tlf. 57682318 eller Nils Taklo tlf. 57885229, eller du kan ta kontakt med næraste vidaregåande skule, sjå www.sfj.no

 

Du kan søkje elektronisk ved å gå inn på www.vigo.no.





Tilbake
Ansvarleg redaktør: Knut Chr. Clausen © Flora vidaregåande skule 2008