Flora vidaregåande skule/Opplæringstilbod/Elektrofag
Elev monterer kablar på elektrofag

Elev monterer kablar på elektrofag

Elektrofag

Er du praktisk anlagt og nysgjerrig på elektrisk utstyr og elektroniske system? Flora vidaregåande skule har lærarar med lang kompetanse og eit godt nettverk i næringslivet. I tillegg har skulen heilt nye lokaler.

Elektrofag er eit yrkesfag, og Flora vidaregåande skule tilbyr:

Yrkesfagleg opplæring fører fram til eit yrke og gjev yrkeskompetanse med eller utan fag- eller sveinebrev. Du kan gå ut i yrkeslivet etter 3-5 år eller ta vidareutdanning t.d. ved fagskulen. Du kan også ta påbygging til generell studiekompetanse om du vil studere vidare ved høgskule eller universitet.

Les meir om elektrofaget og moglegheiter for yrkesvegar og vidareutdanning på vilbli.no: Elektrofag

Elektrofag ved Flora vidaregåande skule

Flora vgs. har to klassar på Vg1 elektro med 12 elevar i kvar klasse, og to klassar på Vg2 innan elenergi. Skulen har erfarne lærarar og eit godt etablert nettverk mellom skule og næringsliv. Dette gjer elevane godt førebudde til å møte næringslivet, og ein får store moglegheiter for å vise seg fram til ein potensiell arbeidsgjevar.

Tilhøve ved skulen

Alle klassane held til på elektroavdelinga slik at du vil lære i eit større fagmiljø. Du er også kort veg unna andre yrkesgrupper på skulen, slik at du allereie her vil lære å samhandle med mellom anna snikkarar, ventilatørar og røyrleggarar. Skulen har heilt nyoppussa lokaler som stod ferdige til skulestart hausten 2016. Nettverket har også bestemt at alle elevane skal få forsøke seg i minst to bedrifter i løpet av Vg2. 

Kvifor velje dette faget

Elektrofag gjev mange moglegheiter fram mot spanande yrkesval. Nesten alt vi omgjev oss med til dagleg er avhengig av straum for å fungere. Det vil difor alltid vere behov for elektrofagfolk for eksempel i strømforsyning, bustadar, industri, fly, skip, tog, kjøretøy, osv.

Vegen vidare

Dersom du ønskjer å utdanne deg til eit av hovudområda elektrofag, elektronikkfag, flyfag eller sjøfartsfag, så kan du velge denne studieretninga. Vil du halde fram på Vg2 tilbyr Flora vgs. elenergi som er der du går for mellom anna å bli vanleg elektrikar eller energimontør. Etter endt skulegang er du attraktiv for læretid og tilsetting i næringslivet, og dersom du vil ta fagskule eller ingeniørutdanning seinare er du også ettertrakta.

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Arnfinn Ekerheim
Administrativ leiar og seksjonsleiar for handverk og industrifag
Arnfinn.ekerheim@sfj.no
41 53 07 88

Relaterte lenker