Arne Marius Skillingstad, dagleg leiar i Kumudzi Kuwale

Flora vgs og Fagbokforlaget sikrar lys til 140,000.

Flora vgs, Fagbokforlaget og eit europeisk fornybart-fond bygger ut 325 solcelledrevne ladestasjonar i Malawi.

Malawi er eit av verdas fattigaste land kor 90% av innbyggarane lev for under éin dollar dagen. Flesteparten av desse har ikkje tilgang til straum, og nyttar seg av parafinlamper eller eingongs-batterilykter som lyskjelde mellom kl 18 og 06.

Fire millionar til dei fattigaste

Flora vidaregåande er mest kjend for å drive yrkesopplæring i Malawi. Gjennom Fredskorpssamarbeidet har vi samtidig adressert problemet med mangel på straum. I starten, i 2013, oppretta vi selskapet Kumudzi Kuwale basert på pengestøtte frå vgs-elevar i Flora. Selskapet har gjeve overskot, men veksten har gått sakte, sett opp mot behovet. I 2016 fekk Fagbokforlaget – gjennom stiftinga Grønn-Hagen Bjørke Malawi Foundation – med på laget og har no kunne intensivere satsinga.

I lag har vi adresserert dei FNs bærekraftsmål nummer 7 om «å sikre tilgang til pålitelig, bærekraftig og moderne energi til en overkommelig pris til alle». Nyleg fekk vi også innvilga ein søknad frå fornybar-fondet «Energy and Environmental Partnership» (EEP Afrika) om å satse ytterlegare.

I tilsagnsbrevet frå EEP står det at Kumudzi Kuwale var ein av 29 som fekk støtte etter ein svært konkurranseprega evaluerings- og utveljingsprosess som starta med 530 søkarar.

«Det å kunne tilby lys til en av verdens aller fattigste mennesker til en pris de kan ha råd til, samtidig som det er forretningsmessig bærekraftig er noe vi er veldig stolte over» (Arne Marius Skillingstad, daglig leiar i Kumudzi Kuwale / Fredskorpsdeltakar frå Flora vgs).


Leverer lys til 11 kr månaden

Prosjektet «no one should be left in the dark», er ei vidareføring av ladestasjonskonseptet som Kumudzi Kuwale har hatt stor suksess med tidlegare. I lag vil dette privat-offentlege samarbeidet satse 3.8 millonar kroner på å bygge ut tilbodet til innbyggarar som i dag lever utan straum. 

Konseptet gjer at landsbybuarane kan leige ei ladbar lampe for 11 kr månaden. Lampa kan ladast så mange gonger kunden ønskjer i løpet av denne månaden, vanlegvis 2 gonger per veke. Stasjonen vert installert i eit vanleg hus i landsbyen kor bebuaren sjølv admistrerer verksemda mot ein del av omsetninga. Kumudzi Kuwale har i dag agentar i kring 60 landsbyar, men dette skal auke formidabelt dei to næraste åra.


Overskotet kan nå fleire

Sidan berre 10 prosent av Malawis 18 millionar er knytt til straumettet, er det ein stor marknad å ta av. Basert på eigne berekningar vil vi bruke vidare profitt til å bygge ut endå fleire stasjonar som kan nå opp mot 330,000 personar innan 2025 fortel Arne Marius Skillingsstad (28) som er daglig leiar i selskapet. Men legg til at han samtidig er ydmyk på at de først skal gjøre unna første etappe med 325 nye ladestasjoner som kan nå ut til heile 140,000.

Vi synes det er kjekt at frøet vi planta i 2013 via elevinnsats har komme så langt. Skulen sine internasjonale prosjekt er framleis i stor grad styrt av ungdomsbedrifta Prosjekt Malawi, men no har vi komme inn i eit konglemorat av andre samarbeispartnarar som har vist tru på det vi driv med. 
 

Øystein Garfors,
Flora vgs / styremedlem i Kumudzi Kuwale.

 

Om Energi and Environmental Partnership

EEP er eit multi-donor fond som tilbyr tidleg fase tilskot til innovative reine energiprosjekt, teknologi eller forretningsmodeller. EEP mottar økonomisk støtte fra Østerrike, Finland, England og fra Nordic Development Fund. https://eepafrica.org/eep-africa-trust-fund-enters-full-operational-mode/.
 

Kumudzi Kuwale Ltd.

Kumudzi Kuwale er eit eksempel på sosialt entreprenørskap – bedrifta har som mål å løyse sosiale problemer og forbetre menneskers liv ved tilgang på elektrisk lys, men ved å bruke forretningsmodellar som genererer profitt og er bærekraftige. Bedrifta har idag 61 tilsette, og har levert solcellebasertlys til om lag 50,000 kundar sidan oppstarten i 2013. Bedrifta er eigd av GHBMF (57 %), Nkhotakota Youth Organisation NYO (41 %) og 2 % frå nokre norske privatpersonar. Arne Marius Skillingstad er Daglig leder i Kumudzi Kuwale, og er tilsatt via Flora vgs sitt Fredskorpsprosjektsamarbeid med NYO. Han har telefon +265 884 288 610, arne.skillingstad@kumudzikuwale.com.


Grønn-Hagen Bjørke Malawi Foundation

Er ei norsk stifting etablert i 2007 som siden då har bygd titalls skular og brønnar i Malawi. Dei har fått finansiering av både Norad og Kavlifondet, men det er Fagbokforlaget som er den største bidragsytaren knytt til solenergisatsinga til Kumudzi Kuwale. Stifinga er godkjent av Innsamlingskontrollen og oppført med å bruke så lite som 1,1 prosent til administrasjon. Resten kommer prosjektene og deres formål til gode. Ola Grønn-Hagen er dagleg leiar, +47 90 66 10 43, ola@gronn-hagen.no. Han er også styremedlem i Kumudzi Kuwale Ltd.


Fredskorpset / Norec

Fredskorpset, som nyleg skifta namn til Norec er ei forkorting for Norsk senter for utvekslingssamarbeid. Norec skal verte eit kompetansesenter for utveksling, nettverksbygging og utvikling av ungt leiarskap. Norec har støtta Flora vgs sine prosjekt sidan 2012 gjennom utveksling av personell begge vegar. I dag jobbar to Malawiere på Flora vgs som yrkesskulelærarar medan to nordmenn jobbar hos NYO.  

 

 

Tips ein ven Skriv ut