Flora vidaregåande skule»Opplæringstilbod»Helse- og oppvekstfag
barnehagetur i hamna i Florø sentrum

barnehagetur i hamna i Florø sentrum

Helse- og oppvekstfag

Flora vgs har to grunnkursklassar innan helse- og oppvekstfag. På andre året kan du hos oss velje mellom vg2 barne- og ungdomsarbeidar og vg2 helsefagarbeidar.

Helse- og oppvekstfag er eit yrkesfag, og Flora vidaregåande skule tilbyr:

Yrkesfagleg opplæring fører fram til eit yrke og gjev yrkeskompetanse med eller utan fag- eller sveinebrev. Du kan gå ut i yrkeslivet etter 3-5 år, eller du kan ta vidare utdanning, t.d. ved fagskule. Du kan også ta påbygging til generell studiekompetanse om du vil studere vidare ved høgskule eller universitet.

Les meir om helse- og oppvekst og moglegheiter for yrkesvegar og vidare utdanning på Vil Bli.

Helse og oppvekstfag ved Flora vgs.

I Flora startar vi med arbeidspraksis allereie på grunnkurs slik at du får eit best mogleg grunnlag for å finne ut kva hovudområde du ønskjer å ta fagbrev innan. Du får prøve deg i arbeidspraksis både på Vg1 og på Vg2 for å gjere det du lærer aktuelt. Begge linjene vi tilbyr gjev godt grunnlag for vidare studier innan til dømes sjukepleie, vernepleie eller som førskulelærar både for deg som går vidare i lære og for deg som vil gå via påbygging.

Tilhøve ved skulen

Vi har to paralellklassar på Vg1, kvar med 15 elevar. På Vg2 kan du velje mellom helsefagarbeidar og barn og ungdom, også her er det 15 elevar i klassen. Klassane er samla på ei eiga avdeling. Flora vgs har blit pussa opp og påbygd gjennom dei siste åra og framstår som ein ny og moderne skule.

Kvifor velje dette faget?

Først og fremst er dette fag kor du får jobbe- og kommunisere med menneske. Faga er underlagt norske og internasjonale lover krav og fleire av yrka har sertifiseringskrav. Det betyr at du må ha eit spesielt sertifikat som stadfester at du har fullgod opplæring. Med fagarbeidarutdanning vil du difor framstå som attraktiv og med store arbeidsmoglegheiter i alle kommunar i heile landet. 

Vegen vidare

Denne studieretningen gjev deg yrkesutdanning som helsefagarbeider, fotterapeut, helsesekretær, apoteker-tekniker, tannhelsesekretær, hudpleier, barne- og ungdomsarbeider eller ambulansearbeidar. Du kan gå ut i yrkeslivet etter 3-5 år, eller du kan ta vidare utdanning som til dømes sjukepleiar, vernepleiar, lærar eller førskulelærar.

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Tone Erdal
Rådgjevar
Tone.erdal@sfj.no 

Tlf 41 53 06 80

Relaterte lenker