Flora vidaregåande skule
elevar jobbar med installasjon av motor på elektro

Foto: Flora vgs

Hospitering, 10 klasse kjem på besøk

Hospitering er ein av dei viktigaste arenaene ungdom har for å finne ut av vidare yrkes- og utdanningsmoglegheiter. Mandag 29/10 og tysdag 30/10 kjem 145 tiandeklassingar på besøk på Flora vgs. Alle elevar møter i aulaen kl 0845...

Generell info:
Elevane møter i aulaen på skulen mandag kl 0845. Her vil det vere plakatar for kvart studieprogram. Du går til den du har meldt deg på. Der heng det ei namnliste, sjekk at namnet ditt er der. Derifrå vert de tatt med til dei klassane de skal vere i desse to dagane. Skulen er stort sett organiserte i dobbelttimar med friminutt kl 1015-1025 og matpause kl 1155-1220. Hospiteringa er over 1350 (med mindre anna er avtalt). Nedanfor står det kort om kva som møter elevane.  

Programområda vi har på Flora vgs:

Studiespesialisering (retningar realfag og språk/økonomi/samfunnsfag, men vi skiller ikkje på dette på hospiteringa)
Her får du innsyn i korleis kvardagen er for dei som seinare tek sikte på ei utdanning på høgskule eller universitet. Det er hovudsakleg lagt opp til teoretisk undervisning

Service og samferdsel
Dette er ei linje kor du har ein god del teori, men teori som er knytt mot praksis. Mellom anna har dei arbeidspraksis ein dag i veka både på vg1 og vg2. Du lærer til dømes om korleis du skal kommunisere godt med kundar, lage enkle reklamebodskap og bruk av IKT. Du får vite om kva praksis som er mogleg innanfor linja.

Helse og sosialfag, barn og ungdom + helsearbeidarfaget. 
Du vil få innblikk i begge linjene Flora vgs tilbyr. Det vert lagt opp til praktiske øvingar, i tillegg til at du får lære relevant teori om t.d. kosthald, pedagogikk og om anatomi (læra om kroppen). 

Elektrofag. 
På elektro vil du få innblikk i enkel teori slik at du skal unngå t.d. støt eller andre farlege situasjonar;-) Det vert lagt opp til arbeidsstasjonar slik at du får prøve deg som elektrikar, automatikar, du får lodde og kople. 

Bygg og anleggsteknikk, byggteknikk + klima, energi og miljøteknikk. 
Byggfag vil i all hovudsak legge opp til praktiske øvingar innan tømring, røyrlegging og ventilasjon. Du vil også lære om andre moglegheiter innan denne linja og kva som skal til for å bli ein god fagarbeidar. Flora vgs er einaste skulen som tilbyr KEM linja.

Idrettsfag. 
I tillegg må du hugse at dette er ei linje som gjev studiespesialisering - så du vil også få informasjon og undervisning om/i programfag. Du vil også få innblikk i dei teoretiske idrettsfaga som t.d. treningslære. Her må du sjølvsagt ha med treningstøy begge dagane.

Teknikk og industriell produksjon. 
Ei linje som gjev moglegheit til fagbrev i over 60 fag! Vi kan sjølvsagt ikkje gi deg innblikk i alle desse, men vil rette praktiske øvingar opp til dei faga som gjev flest moglegheiter lokalt. Flora Vgs tilbyr vg2 kurs i industriteknikk og godt samarbeid med lokalt næringsliv.

Tips ein ven Skriv ut