Flora vidaregåande skule»Opplæringstilbod»Idrettsfag
Lagbilde av vinnarane av Våtmoroleikane i Florø 2015, seks smilande elevar frå idrettslinja på Flora vgs

Lagbilde av vinnarane av Våtmoroleikane i Florø 2015, seks smilande elevar frå idrettslinja på Flora vgs

Idrettsfag

Idrettsfag gjev deg studiekompetanse slik at du kan studere på høgskule eller universitet. Samtidig får du fysisk aktivitet kvar einaste dag.

Du bør like ein aktiv kvardag om du går idrettslinja. Dagane består av mykje fysisk aktivitet kombinert med fellesfag og idrettsfaglege teorifag. Er du interessert i idrett, eller ønskjer å skaffe deg god kunnskap om anatomi, helse eller leiarerfaring, er idrettslinja midt i blinken for deg. Idrettslinja gjer deg generell studiekompetanse, som er inngangsporten til vidare studium på universitet og høgskuler.

Idrettsfag ved Flora vgs.

Idrettslinja kan du gå om du er toppidrettsutøvar og ønskjer å langt i idretten din, men også om du berre likar å trene og vere aktiv. På Flora Vgs har vi ein klasse på vg1/2/3, så du er alltid saman med nesten 100 andre idrettsglade elevar. Ein treng ikkje vere toppidrettsutøvar for å gå på idrettsfag, men du må like å vere aktiv.

Tilhøve ved skulen

Skulen ligg ca ein kilometer frå sentrum sør for Storevatnet og er vegg i vegg med Flora Idrettssenter som har svært gode fasilitetar for trening og idrett. Det er vidare få steinkast bort til svømmehallen Havhesten. Kvar klasse har 30 elevplassar. Av dei 550 elevane på skulen går om lag halvparten på studieførebuande linjer.

Kvifor velje denne linja?

I tillegg til å få generell studiekompetanse får du ei god grunnutdanning som trenar som du kan bruke vidare i livet. Det er eit bra mijø for spesielt fotball, handball og friidrett i Florø, men vi har også elevar som spesialiserer seg i mindre idrettar som kickboxing, svømming eller dans. Vel du ein smalare idrett kor lærarane ikkje har like god kompetanse i vert det større krav til deg som utøvar.

Vegen vidare

Idrettsfagslinja har sett elevar bli politi, sjukepleiarar, fysioterapeutar, advokatar og lærarar for å nemne nokon. Linja gjev generell studiekompetanse og såleis innpass på over 100-vis av ulike utdanningar vidare.

Her er ein liten filmsnutt om å velje idrettsfag.

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Knut Anders Langlo
Fagkoordinator, idrettsfag
Knut.anders.langlo@sfj.no

Tlf 95 07 48 04

Relaterte lenker