Flora vidaregåande skule
5842934_3443332

Karrieredag om yrkesfag

Torsdag 18. januar, kl. 18.00 - 19.30, arrangerer Flora vgs karrieredag om yrkesfag for alle elevar og deira føresette. 

Torsdag 18/1 kl 18-1930 arrangerer Flora vgs karrieredag for alle elevar på vg1 yrkesfag. Vi har invitert dei fleste opplæringskontora til skulen. Desse vil presentere moglegheiter innan yrkesfag og gje tips til korleis elevane skal gå fram for å nå desse.

Vi legg opp til ei fellessamling på 40 minutt, at alle får går på to parallelle sesjonar med opplæringskontora og til slutt moglegheit til å prate meir uformelt med dei ein ønskjer.

Det er obligatorisk oppmøte for alle elevane på vg1 yrkesfag. Dei vil få avspassere timane ved seinare høve.

Dei som har mest påverking på karriera til dei unge er foreldra. Vi vil derfor sterkt oppmode føresette til å bli med for å setje seg inn i kva som skal til for å skaffe seg ein læreplass etter vg2.

Desse aktørane kjem: 

Bilbransjens opplæringskontor (BOK)
BYGGOP, Opplæringskontoret for bygg -og anleggsfagOpplæringskontoret for anleggs- og bergfagene (OKAB)
Opplæringskontor for Elektrofag (OFEL)
Opplæringskontoret for fiskeri- og havbruksfaget (OKFH)
Opplæringskontoret for prosess og mekanisk industri (PRO)
Opplæringskontoret for Transport og Logistikk (OTL)
NAV sin rådgjevar i vidaregåande skule
Rådgjevarar frå Flora Vidaregåande Skule

Tips ein ven Skriv ut