Fråvær illustrasjon

Kontaktprosedyre ved fråvær

Kontaktprosedyre ved sjukdom for elevar og føresette, nye endringar frå 21.08.17.

Nytt skuleåret 2017-2018

Fraværstelefonen er nedlagt! All kontakt skjer enten til eigen fastlege/legekontor eller ved personleg oppmøte på skulens helsetilbod kvar dag mellom 0830 og 0915.
 

Kronikarar og elevar med oppkast/ diaré må melde sjukdom til eigen fastlege/legekontor dersom ein ønskjer dokumentasjon. 

For å sikre ei raskare og tettare oppfølging av elevar som ikkje møter på skulen grunna kronisk sjukdom, skal elevar med kronisk sjukdom vende seg til fastlegen ved fråvær. Legen skriv ut dokumentasjon når eleven ønskjer å dokumentere dette ovanfor skulen.

For å ha betre oversyn over omfanget av oppkast/diaré, samt følgje einskild elevar betre opp ved gjentekne symptom, skal elevar med oppkast/diaré vende seg til fastlegen ved fråvær. Legen skriv ut dokumentasjon når eleven ønskjer å dokumentere dette ovanfor skulen.

  • For elevar som har fastlege i Flora kommune, skal elevar over 18 år som er kronikarar, og føresette til kronikarar under 18 år ringe Sunnfjord medisinske senter på tlf. 57758000.
  • For elevar som har fastlege i Flora kommune, skal elevar over 18 år med oppkast/diaré, og føresette til elevar under 18 år ringe Sunnfjord medisinske senter på tlf. 57758000.
  • For elevar med fastlege i andre kommunar, må elevane vende seg til eigen fastlege.


Skulen sitt helsetilbod – vurdering av helsetilstand/dokumentasjon/melding

For annan sjukdom enn nemnt ovanfor har elevar ved Flora vgs. har tilbod eit gratis helsetilbod kvar dag mellom 0830 og 0915 på skulen for å få:

- vurdert helsetilstand av helsesøster, og eventuelt få dokumentasjon på tilrettelegging av skuledagen eller dokumentasjon på  sjukefråvær.

- eller bli sendt vidare til lege om dette likevel er vurdert som naudsynt.

- eller bli sendt heim som "sjukemeld" for dagen

 - Dokumentasjon ved sjukdom utstedt av helsesøster på skulen vert gjeve for ein dag av gongen. Helsesøster skriv ikkje ut dokumentasjon som gjeld attende i tid.

Tilbodet er gjeve etter delegert mynde frå kommunelegen i Flora kommune.
 

Fråvær dokumentert av andre skal meldast kontaktlærar same dag.

Elevar som skal skaffe seg dokumentasjon på sjukdomsfråvær frå primærhelsetenesta i heimkommunen / fastlege eller frå spesialhelsetenesta skal melde sjukdomsfråvær som vanleg til skulen/kontaktlærar.
 

Elevar som høyrer heime i andre kommunar

Gratistilbodet om dokumentasjon på tilrettelegging av skuledagen eller dokumentasjon på sjukefråvær får ein ved personleg oppmøte på skulen. Om du av praktiske årsakar ikkje kan nytte deg av dette må du oppsøke helsetenestetilbod som ligg i heimkommunen din.


Sjå også Instruks for fråværsføring for faglærarar og kontaktlærarar ved Flora vidaregåande skule.

 

Tips ein ven Skriv ut