Elevar som hoppar

Elevar som hoppar

Nulltoleranse mot mobbing - nytt regelverk frå 1/8

Stortinget har styrka retten til eit godt skulemiljø for elevane gjennom endring i opplæringslova, gjeldande frå 1/8. Her kan du lese kva skulen skal gjere hvis ein elev ikkje har det trygt og godt på skulen, samt eleven og dei føresette si mulighet til å melde saka til Fylkesmannen.

Frå 1. august 2017 er det vedteke eit nytt regelverk om skolemiljø. Alle elevar har rett til å ha eit trygt og godt skolemiljø som fremmar helse, trivsel og læring. Det er elevane si eiga oppleving av korleis dei har det på skolen, som er avgjerande.

Skulen skal sørgje for at elevane har det trygt og godt på skolen

Alle som jobbar på skolen, skal følgje med på at elevane har det bra.  Dersom ein vaksen veit om – eller trur – at ein elev blir mobba, plaga, eller på andre måtar ikkje har det bra, skal ho eller han alltid

  • gripe inn og stoppe krenkinga med ein gong, dersom det er mogleg
  • seie frå til rektor
  • undersøkje det som har skjedd

Rektor har ansvar for å lage ein plan og setje inn tiltak for at eleven igjen får det trygt og godt på skolen. Dette blir kalla for skolens aktivitetsplikt.

Kva dersom ein elev blir mobba av ein tilsett på skolen?

Dersom ein elev opplever å bli mobba eller krenkt av ein lærar eller andre som jobbar på skolen, har skolen eit ekstra ansvar for å følgje opp saka. Rektor skal da varsle skoleeigaren, som vil følgje opp saka vidare.

Melde saka til Fylkesmannen

Dersom du eller barnet ditt meiner at skolen ikkje har gjort nok for å stoppe krenkingar, kan du melde saka til Fylkesmannen.

  • Først må du ha teke opp saka med rektor på skolen
  • Det må ha gått minst ei veke frå du tok opp saka med rektor
  • Saka må gjelde skolemiljøet på den skolen eleven går på no

Er det helt spesielle tilfelle, kan du uansett ta kontakt med Fylkesmannen. Du må ta kontakt med Fylkesmannen i det fylket du bur.

Kva kan Fylkesmannen gjere?

Dersom Fylkesmannen meiner at skolen ikkje har gjort det dei skal, kan dei bestemme kva skolen skal gjere for at eleven får eit trygt og godt skolemiljø. Fylkesmannen skal setje ein frist for når tiltaka skal gjennomførast og følgje opp saka. Dei kan òg gi bøter dersom skolane ikkje følgjer opp.

Informasjon til barn, unge og foreldre om mobbing og rettar

www.nullmobbing.no finn du informasjon om kva rettar elevar og foreldre har, og kva ein kan gjere dersom ein  elev  opplever mobbing. På www.nullmobbing.no finner dere informasjon om hvilke rettigheter elever og foreldre har, og hva  man kan gå gjøre hvis man opplever mobbing. 

Kva skal skulen gjere?

UDIR har laga ein vegvisar for skulen som alle tilsette skal følge. I linken kan du lese detaljert om korleis skulen skal jobbe systematisk; 

1) Følge med 
2) Gripe inn
3) Varsle
4) Undersøke
5) Sette inn tiltak
6) Dokumentere

Tips ein ven Skriv ut