elevar frå Flora vgs sel effektar på Nkhotakota Music Festival 2017

elevar frå Flora vgs sel effektar på Nkhotakota Music Festival 2017

Prosjektoppfølging i Malawi 2017

Musikkfestival for 3000, ny storsatsing på yrkesfag og snøstorm var noko av det delegasjonen frå Flora vgs måtte hanskast med på oppfølgingsreisa si til Malawi.

Det vart aldri tid til å kjede seg på turen til Malawi som starta påskafta. For å markere ti år med samarbeid med Nkhotakota Youth Oranisation sendte Flora Vgs ein delegasjon på heile sju personar på årets oppfølgingstur.

I høve turen samla vi for første gong alle tilsette frå Nkhotakota Youth Organisation og dotterselskapet Kumudzi Kuwale. I 2007 var dei berre 5-6 lønna tilsette. I dag har dei passert 60! Flora vgs nytta høvet til å takke alle dei tilsette for innsatsen deira. Det er ikkje verst å sjå tlibake på eit samarbeid om å få til eit yrkesopplæringssenter, ein kultur- og musikkskule, eit kultursenter med restaurant og eit solenergiselskap for å nemne noko. 

Elevane Johanne Grønnevik, Edwina Kronen Rossi og Ingeborg Vik fekk lite tid til lediggang på turen. Dei var med primært for å dokumentere kva som har skjedd sidan sist gjennom film og foto men vart også satt i arbeid med alt frå å rydde murstein, bære sand og å bemanne salsboder på festivalen som markerte slutten på opphaldet. Før i veka var dei også med på yrkesopplæringa, styremøte i Kumudzi Kuwale og med på å installere ein ladestasjon i ein strømlaus landsby. Dei har også vore med i planleggingsmøter for det nye prosjektet som skal auke kvaliteten på yrkesopplæringa i Malawi.

Full av inntrykk og gode minner frå "the warm heart of Africa" var det greitt å bruke reisetida på veg heim til å omstille seg til den norske kvardagen. På heimturen fekk delegasjonen litt vel mykje tid til det. Snøvær på Gardermoen medførte at dei klokka inn til Florø etter litt over 50 timar på reise. Når jet-lagen legg seg vil elevar og lærarar få høyre meir frå eventyret.

Tips ein ven Skriv ut