Flora vidaregåande skule
2IDA på treningstur til Lanzarote

2IDA på treningstur til Lanzarote

Reisebrev frå 2IDA

Medan det er nydeleg vintervêr her heime, har idrettsklassen flykta til varmare strøk.

Denne veka er 2IDA på treningstur til Lanzarote og der er dei innlosjert på Club La Santa.

- Club La Santa er eit stort treningssenter tilpassa forskjellige idrettsformer. Elevane har allereie fått prøvd seg på mange forskjellige aktivitetar, mellom anna volleyball, squash, padle-tennis, instruktørtimar, symjing og mykje meir, fortel lærarane Jan Ravnestad og Sara Jagedal. 

- Dagane er varierte i både vêr og vind, men også i aktivitetar. Sola byrjar å varme, men vinden herjar godt rundt oss. Og sjølv om det er flott med snø heime, er det også godt med påfyll av D-vitaminar i varmare strøk, legg Sara til. 

Klassen ligg definitivt ikkje på latsida med tre treningsøkter om dagen og på lørdag skal dei mellom anna på ein lengre sykkeltur på øya. Og det er ikkje berre på dagtid det er god stemning: 

- På kveldane kosar vi oss med show og karaoke og heile gjengen ser ut til å ha det knall! Det er kjekt å vere saman på ein annan måte, avsluttar Sara. 

 

 

Tips ein ven Skriv ut