Flora vidaregåande skule
Biologiklassen på ekskursjon på Norsk Hjortesenter på Svanøya

Biologiklassen på ekskursjon på Norsk Hjortesenter på Svanøya

Samarbeid med Naturfagssenteret

15. juni 2017

Biologiklassen var to dagar på stiftinga Norsk Hjortesenter for å forske på korleis hjortens beitemønster påverkar vegetasjonen. Lektor 2 er ei ordning som lar elevane få bli forskarar og sjølv sjå realfag i bruk i arbeidslivet.  

Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa (Naturfagsenteret) samarbeider med Flora vgs om  to ulike prosjekt: Lektor 2 skaper realfagssamarbeid mellom skule og bedrift. Den Naturlege Skulesekken fokuserer på kunnskap og medvit om bærekraftig utvikling.

Lektor 2; Hjort og Hyrdrogen

Skuleåret 2016-2017 har vi gjennom Lektor 2 køyrt to samarbeidsprosjekt; om hjort og om hydrogen. Før skule i lag med stiftinga Norsk Hjortesenter og eit hydrogenprosjekt i lag med Maritim Forening Sogn og Fjordane og Fjord 1.

Skulen har valt ut to prosjekt kor elevar frå ulike realfaga har blitt med. Det første prosjektet har vi samarbeidd med Maritim Forening Sogn, reiarlaget Fjord 1 og Flora Skyssbåt. Problemstillinga elevane har jobba med skulle avklare økonomi, miljøgevinst og lagertankløysingar for hydrogendriven passasjerbåt i definert rute. 9 elevar jobba fram problemstillingar som vart presentert tilbake til oppdragsgjevarane.

Lektor 2 - hydrogenprosjekt

Skulen har vidare Samarbeid med Norsk Hjortesenter. Hjorten si beiting påverkar vegetasjonen. Intensiv beiting av hjorten noko ein mest vanleg finn i  typiske vinterbeitelokalitetar kan gå hardt ut over einskilde planteartar/grupper. Beitinga kan føre til at einskilde plantar meir eller mindre vert utrydda lokalt. Biologi 2 sendte 17 elevar til Svanøy på felttur kor dei studerte korleis hjorten si beiting påverka vegetasjonen innanfor dei inngjerda områda samanlikna med områda utanfor.Funnar vart presenterte attende til dei tilsette ved hjortesenteret.

Den Naturlege Skulesekken; bærekraftige solsystem

Flora vgs har i samarbeid med ein lokal støttespelar bygd opp eit solenergiselskap som elektrifiserer landsbygda i Malawi. Dette prosjektet skal la elevar og lærarar på vg1 ta aktivt eigarskap i korleis desse solenergiløysingane både kan skape utvikling i eit av verdas fattigaste land samtidig som det sparer miljøet lokalt så vel som globalt. Med dette som utgangspunkt vil vi la elevane på utforske korleis solenergiløysingar i større grad kan nyttast i Flora og Noreg. Skuleåret 2016-2017 har programmet primært blitt gjennomført på vg1 studieførebuande i faga naturfag og samfunnsfag. Vi har også dradd inn elektroklassane for å hjelpe til med å lage modular for solenergi. Samtlege elevar på skulen har også fått tatt del i foredrag frå solenergiselskapet Kumudzi Kuwale som ein del av skulens internasjonale dag.

 

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Vil du vite meir om Lektor 2 prosjekta?

Kontakt
Jon Holsvik Sørland,
Jon.holsvik.sorland@sfj.no