Flora vidaregåande skule
Elevar i klasserom som har undervisning i sosiologi

Foto: Flora vgs

Skulestart - alt du treng å vite.

Velkommen til skulestart mandag 21/08 kl 0900 på idrettssenteret. Her har vi samla nyttig informasjon om oppstarten, utstyrslister, bokskap med meir,

Gratulerer med tilbod om skuleplass ved Flora Vidaregåande Skule! Første skuledag vert mandag 21/08. Alle elevar møter kl 0900 i fleirbrukshallen på idrettssenteret. Det er viktig at du møter der du er tatt opp som elev -  slik at du ikkje mister skuleplassen din. Dersom du ikkje kjem til å møte vil vi at du tek kontakt med skulen snarast råd.


Møte for føresette tysdag 29/8

Dette gjeld alle føresette til elevar på vg1 og vg2 yrkesfag (ved elevar under 18 år). Her vert det gitt viktig informasjon om oppstart, endringar i fraværsordninga, ny lov om skulemiljø. Kontaktlærarane informerer om relevant informasjon om klassen, foreldrepålogging i skulearena med meir.

  • kl 17.30-1830 for elevar på vg1 studiespesialiserande og idrett.
  • kl 1800-1900 for elevar på vg1 yrkesfag. 
  • kl 1830-1930 for elevar på vg2 yrkesfag.


Info om elevopptaket

Elevopptak første inntak er 5. juli. Du må gå inn på vigo.no for å sjå resultata dersom du ikkje har kryssa av for førehandssvar. Har du ikkje førehandssvar og ikkje takka ja innan svarfristen (13.07) misser du plassen. 2. inntak er 28. juli, med svarfrist 4. august. Skulane tek over ansvaret for inntak frå 14. august. Elevar med ungdomsrett er prioriterte.
 

Elev-pc

Alle VG1-elevar skal stille med berbar datamaskin frå skulestart. Sogn og Fjordane fylkeskommune har ordning for VG1-elevar ved dei offentlege vidaregåande skulane om kjøp av elev-pc. Du må bestille innan 9. juli for at du skal få maskina til skulestart. Les alt om ordninga, sjå modellane, og registrer deg i nettbutikken på sfj.no/elevpc.


Lånekassen

Du kan søke støtte frå Lånekassen når du har fått skuleplass og har takka ja til han. Dersom du ikkje kom inn på førstevalet, må du vente med å søkje til 1. august, og helst til du er sikker på kva du skal gå på.

Les meir på Lånekassen sine nettsider om støtte til vidaregåande opplæring.


Skuleskyss

Dersom avstanden mellom heim/hybel og skule er 6 km eller meir har du rett på skuleskyss. Som elev ved vidaregåande skular skal du kvart år søkje om skuleskyss.

Har du allereie skuleskysskort frå vidaregåande skal du bruke det same kortet til hausten. Du må likevel søkje om skuleskyss før kvart skuleår.

Slik søkjer du om skuleskyss:

Logg inn på Vigo

Svar Ja på spørsmålet om skuleskyss innan 1. august.

Etter 1. august kan du ta kontakt med skuleskyss@sfj.no eller skulen for å søke om skuleskyss. Du er registrert med di adresse frå folkeregisteret. Dersom du bur på hybel og har rett på skuleskyss, ta kontakt med skulen.

Skuleskyssreglementet finn du på kringom.no/skuleskyss.


Lån og Stipend

Etter du har fått stadfesta skuleplass kan du gå inn på www.lanekassen.no og søke. Du må ha MinID for å kunne søke. Hugs at alle som søkjer får utstyrsstipend!

 

Skulebøker, utstyr og bokskap

Dei lærebøkene du får låne tilhøyrer Flora vgs og er ein del av utlånsordninga for gratis læremiddel. Lånetida er 1 år og du som elev må signere ein låneavtale med skulen. Her står dine plikter og ditt ansvar. Er du under 18 år må dine føresette signere avtalen. Boklistene finn du i Fronter. Det er satt opp eigen plan for bokutlevering første skuleveka.

Det er også krav om ein del utstyr før oppstart, spesielt på yrkesfaga. Her finn du oversikt over kva som må vere på plass til skulestart på Vg1 TIP, vg2 Industriteknologi, vg1 Byggfag og vg2 Klima, energi og miljøteknikk.

Bokskap kan du få leige for 100 kr (kontant). Det er miljøkoordinator, Nancy, som har ansvar for utleigeordninga. Ta kontakt med ho ved oppstart.


Bytte av programområde og klasse

Dersom du ønskjer å bytte frå eit programområde til eit anna må dette skje skriftleg - og må leverast personleg til rådgjevarane eller til pedagogisk driftsleiar (Synnøve Lystad). Mange klassar er fulle – men du kan vere heldig dersom du er tidleg ute. Der det er fleire som ønskjer bytte er det førstemann til mølla..Siste frist for bytte er 15/9.

Det er rektor som avgjer klasseinndelinga, og elevane kan ikkje bestemme kva klasse dei vil gå i, eller krevje å byte klasse. Unntak kan gjerast dersom det er høve som har heimel i opplæringslovas kapittel 9a. Bytte av klasse kan ein gjere første veka.

 
Informasjon i Fronter og på nett

Ved skulestart vil du få log-in til datanettverk og Fronter. Der vil du finne fagplanar, timeplanar og beskjedar som vil vere viktig for din skulekvardag. Her kan du også kommunisere med lærarane dine. Både lærarar og du som er elev har plikt til å følgje med i Fronter. Fronter si innlogging finn du via Flora Vidaregåande Skule si heimeside, www.flora.vgs.no. Du som elev er ansvarleg for å halde deg fagleg (og daglig) oppdatert på oppgåver, lekser og beskjedar som vert gitt i Fronter.
 

Rådgjevingstenesta

Rådgjevarane på skulen er der for å hjelpe deg både til å gjere gode val med tanke på val av yrke og utdanning. Vi er der også dersom du har personlege, sosiale eller emosjonelle vanskar som har noko å seie for opplæringa. På skulen si nettside vil du finne nyttig informasjon som gjeld deg og di framtid samt kontaktinformasjon til dei tre rådgjevarane. Du finn også informasjon om val av språk og matematikk samt mange gode lenker om yrke, utdanning og karriere. Meir informasjon og kontaktinfo finn du på skulens heimeside.

 

Vi gler oss til å møte deg – og vil med dette ønskje deg velkommen til eit nytt skuleår basert på læring, inspirasjon og trivsel. 

Tips ein ven Skriv ut