Flora vidaregåande skule/Opplæringstilbod/Studiespesialisering
elevar ser på elevar som held ein presentasjon i eit auditorium

elevar ser på elevar som held ein presentasjon i eit auditorium

Studieførebuande

Utdanningsprogram for studiespesialisering passer godt for deg som trivst med teoretiske fag som norsk, framandspråk, samfunnsfag, økonomi og/eller realfag. Dei som vel studiespesialiserande har som regel planar om vidare utdanning på universitet eller høgskule.

Studieførebuande linje gjev deg eit solid grunnlag for å studere vidare ved høgskule eller universitet, både i Noreg og i utlandet. På Flora vgs. ynskjer vi å førebu deg best mogleg for vidare studier gjennom fokus på læring, inspirasjon og trivsel!

Studieførebuande ved Flora vgs

Skulen har to parallellklassar med 30 elevar i kvar klasse. I Vg1 har du berre fellesfag (obligatoriske fag). I Vg2 og Vg3 vel du halvparten av timane dine sjølv. Du vel minst tre programfag kvart år. To fag må vere innan programområdet for realfag eller for språk, samfunnsfag og økonomi, og desse faga skal du ha i to år. Som valfritt programfag kan du også velje fag som musikk og idrettsfag.

For deg som vil studere vidare

Når du har fullført og bestått tre års skulegang, så får du generell studiekompetanse. Då kan du søke opptak på høgskule og universitet. Somme studier krev at du vel spesielle fag. For mange studie er det stor konkurranse om å komme inn. Det er karakterane dine og dei programfaga du har valt, som vil avgjere om du får starte på det studiet du ynskjer.

Det første året, Vg1

Du må ha 30 timar i løpet av året. Dersom du ønsker, så kan du i tillegg velge breidde/toppidrett eller musikk/dans/drama.

Fellesfag/obligatoriske fag på Vg1 er:

  • Engelsk: 5 timar, standpunktkarakter på vitnemål
  • Norsk: 4 timar
  • Matematikk: 1P/1T (Praktisk/Teoretisk matematikk) 5 timar, standpunktkarakter på vitnemål
  • Naturfag: 5 timar, standpunktkarakter på vitnemål
  • Samfunnsfag: 3 timar, standpunktkarakter på vitnemål
  • Geografi: 2 timar, standpunktkarakter på vitnemål
  • Kroppsøving: 2 timar
  • Fremmedspråk: nivå1 tysk/nivå 2 spansk, fransk, tysk

Det andre året, Vg2

Fellesfag/obligatoriske fag på Vg2 er til saman 15 timar. Resten av faga kan du velge sjølv. Fellesfaga er:

  • Norsk: 4 timar
  • Historie: 2 timar
  • Kroppsøving: 2 timar
  • Fremmedspråk: nivå 1 tysk/nivå2 spansk, fransk, tysk, standpunktkarakter på vitnemål
  • Matematikk 2P (Praktisk matematikk): standpunktkarakter på vitnemål (fell vekk dersom Realfagsmatematikk 1 eller Samfunnsfaglig matematikk 1 er valt)

Det tredje året, Vg3

Fellesfag/obligatoriske fag på Vg3 er også 15 timar, som du ser punktvis nedanfor. Resten er valbare fag/programfag.

  • Norsk:  6 timar, standpunktkarakter på vitnemål
  • Historie: 4 timar, standpunktkarakter på vitnemål
  • Kroppsøving: 2 timar, standpunktkarakter på vitnemål
  • Religion: 3 timar, standpunktkarakter på vitnemål

Valfag på Vg2/Vg3

Dei valbare faga kallar vi programfag. Du må ta 2 fag som du har over 2 år (til saman 10 timar per veke). I tillegg kan du velge eitt fag til uavhengig av programområde (5 t/v).  Totalt skal du ha 30 timar kvar veke. Eksempel: Dersom ein tek 35 timar første året og 30 timar andre året, så kan ein klare seg med 25 timar på vg3. Du kan lese om dei ulike programfaga på vilbli.no.

Programfag på studiespesialisering vg2:

Program  realfag
Program språk og samfunnsfag, økonomi
Program for Idrett/
Musikk, dans, drama
Matematikk R1(2MAR)
Internasjonal engelsk 2ENG
Breiddeidrett
Matematikk S1 (2MAS)
Sosiologi og sosialantropologi 2SOS
Toppidrett
Biologi 1 (2BIO)/ 3BIO
Rettslære 2RTS
Dans (Breiddeidrett)
Kjemi 1 (2KJE)
Samfunnsøkonomi 2SØK
Musikk
Fysikk 1(2FYS)
Entreprenørskap 2ENT
 
Informasjonsteknologi 2ITA/ 3ITA
 
 

Programfag på studiespesialisering vg3:
Program realfag
Program språk og samfunnsfag, økonomi
Program for Idrett/
Musikk, dans, drama
Matematikk R1(2MAR)
Matematikk R2( 3MAR)
Internasjonal engelsk 2ENG
Samfunnsfagleg engelsk 3ENG
Breiddeidrett
Matematikk S1 (2MAS)
Matematikk S2 (3MAS)
Sosiologi og sosialantropologi 2SOS
Politikk og menneskerettar 3POM
Toppidrett
Biologi 1 (2BIO)
Biologi 2 (3BIO)*
Rettslære 2RTS
Rettslære 3RTS
Dans (Breiddeidrett)
Kjemi 1 (2KJE)
Kjemi 2 (3KJE)
Samfunnsøkonomi 2SØK
Samfunnsøkonomi 3SØK
Musikk
Fysikk 1(2FYS)
Fysikk 2 (3FYS)
Entreprenørskap 2ENT
Entreprenørskap 3 ENT
 
Informasjonsteknologi 2ITA Informasjonsteknologi 3ITA*
 
 
Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Vivian Norstrand
vivian.norstrand@sfj.no
57 63 76 00

Relaterte lenker

Vegen vidare finn du på utdanning.no