Flora vidaregåande skule/Opplæringstilbod/Teknikk og industriell produksjon
elev sveiser på TIP avdelinga

elev sveiser på TIP avdelinga

Teknikk og industriell produksjon

Florø er industrihovudstaden i fylket. Etter vg1 teknikk- og industriell produksjon kan du velje å gå vidare innan nesten 60 ulike fagbrev. Går du vidare i Florø tilbyr vi vg2 industriteknikk i tett samarbeid med lokalt næringsliv.

Teknikk- og industriell produksjon er eit yrkesfag, og Flora vidaregåande skule tilbyr:

Yrkesfagleg opplæring fører fram til eit yrke og gjev yrkeskompetanse med eller utan fag- eller sveinebrev. Du kan gå ut i yrkeslivet etter 3-5 år eller du kan ta vidareutdanning t.d. ved fagskule. Du kan også ta påbygging til generell studiekompetanse om du vil studere vidare ved høgskule eller universitet. 

TIP ved Flora vidaregåande skule

Flora vgs. har to klassar på Vg1 med 12 elevar i kvar klasse. På Vg2 har vi ein klasse innan industriteknologi.

Tilhøve ved skulen

TIP har tre verkstader kor elevane kan skru, mekke, sveise og dreie. Skulen har erfarne lærarar og eit godt etablert nettverk mellom skule og næringsliv. Dette gjer elevane godt budde til å møte næringslivet og store moglegheiter for å vise seg fram til ein potensiell arbeidsgjevar.

Kvifor velje dette faget

Startar du på TIP har du nær 60 ulike fagbrev du kan gå vidare på. Gjennom prosjekt til fordjuping vil lærarane rettleie deg slik at du kan få sette deg betre inn i nokon av desse vala. Noreg er verdsleiande innan skipsfart, fiske og fleire andre industriar. Olje og gass skal vi også leve av i fleire tiår inn i framtida. Noreg treng kreative og kompetente fagarbeidarar og Flora vgs. er klare for å sette deg inn i denne spanande verda av industri og teknologi.

Vegen vidare

Flora vgs. har eit godt nettverk inn mot lokalt næringsliv. Gjer du det godt på skulen blir du sett på som attraktiv arbeidskraft for mange av desse, og kan risikere å stå med tilbod om lærekontrakt før skuleslutt på vg2. Det er ikkje berre lokale moglegheiter. Fleire av elevane våra sikrar seg lærekontrakter hos Statoil, Forsvaret eller innan sjøfart. Dersom du seinare vil ta fagskule eller ingeniørutdanning er det ingenting som stoppar deg frå det.

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Arnfinn Ekerheim
Administrativ leiar og seksjonsleiar for handverk og industrifag
Arnfinn.ekerheim@sfj.no
41 53 07 88

Relaterte lenker

Om teknikk- og industriell produksjon vilbli.no.