Flora vidaregåande skule
Elevar på TIP avdelinga forran ein del av skilta dei har laga frå Flora Fotball

Elevar på TIP avdelinga forran ein del av skilta dei har laga frå Flora Fotball

TIP-elevar med kulturarv, kyrkje og fotball på pensum

Elevane på teknikk og industriell produksjon har det siste året fått produsere ting som verkeleg kjem til nytte for mange.  

Elevane på vg2 industriteknologi har hatt ei travel avslutning på skuleåret. I mellom søking mot læreplass har dei tatt på seg å produsere 160 meter meter skilt til Flora Fotball i tillegg til å restaurere ei verdifull lysekrone frå kyrkja på Kinn.

Årets industriteknologi-elevar har fått mangslag lærerike oppgåver utanom det vanlege hjå lærarane sine. I tillegg til fotballskilt og lysekrone har dei også bygd ei trapp og eit rekkverk til den vidaregåande skulen sin. Og dei har sveisa ein grabb til ei gravemaskin og også to traktorskuffer, som dei har selt.

Lærarane Ørjan Refvik og Mange Nordeide er stolte over gjengen som no gjer seg ferdig med to år på Flora vgs. Dei er einige om at elevane har lært mykje på desse to åra. I tillegg til praksis i verkstaden har alle vore utplassert i bedrifter dette året.

Målet er at alle som vil skal få seg læreplass før sommarferien. Elevane er også ettertrakta, og dei fleste av dei har allereie sikra seg læreplass. Så er du arbeidsgjevar og ønskjer å sikre deg ein av desse dyktige elevane må du vere rask på labben.

Nrk har skreve ei fin sak kor du kan lese meir om fotball, lysekrona og denne flotte gjengen.

Tips ein ven Skriv ut