Torgeir Halvorsen har lenge vore med å styre FK samarbeidet mellom Flora og Malawi, Sandram Tchuwa frå Malawi som jobbar på Flora vgs og Jon Martinsen Strand som er leiar i Kumudzi Kuwale Ltd.

Torgeir Halvorsen har lenge vore med å styre FK samarbeidet mellom Flora og Malawi, Sandram Tchuwa frå Malawi som jobbar på Flora vgs og Jon Martinsen Strand som er leiar i Kumudzi Kuwale Ltd.

10 år med eige utviklingsprosjekt

I 2006 starta Flora vgs opp eige utviklingsprosjekt i Malawi. Etter ti år er Flora elevane meir internasjonale enn nokon gong og driv i tillegg fylkets største bistandsprosjekt.  

I 2005 var oppslutnaden om Operasjon Dagsverk på eit lågmål. Flora Kommune inviterte då skulen med til Malawi for å bli betre kjend med Nkhotakota kor dei hadde eit samarbeidsprosjekt. Året etter skreiv Flora vgs og Nkhotakota Youth Organisation (NYO) ein samarbeidsavtale som lever i beste velgåande.

Frå 5 til 40 tilsette
I det vidare satsa partane på yrkesfag og entreprenørskap. Med årleg økonomisk støtte og elevmedverknad frå Flora vgs har partane bygd opp ein organisasjon frå 5 til nær 40 tilsette som jobbar for å styrke ungdoms moglegheiter. Mellom anna driv dei eit yrkesopplæringssenter som har utdanna 446 elevar dei siste fem åra og eit selskap som leverer solcellebasert straum på landsbygda.

I Noreg har alle moglegheit til utdanning, men vi har framleis konstant fokus på å gjere elevane betre rusta til å møte framtida. Internasjonalisering og kulturforståing vert stadig viktigare i arbeidslivet og for den einskilde sin kompetanse. Malawi-prosjektet er eit av dei felles satsingane skulen brukar i dette arbeidet. Det synleggjer at vi også skal omtanke for andre enn oss sjølve.

krevjande å drive utviklingsarbeid.
Elevane vert involverte og veit på kva prosjekt dei jobbar til inntekt på kvar haust. På våren får dei sjå bilete og avlagt rapport frå prosjekta i Malawi. Det er vidare tett dialog mellom skulen og organisasjonen i Malawi og kvart år er elevar og lærarar i Malawi for å følje opp. I dei seinare åra har fleire med Flora-bakgrunn også reist for å jobbe frivillig for organisasjonen. Sjølv om det kan vere krevjande å jobbe i eit av verdas fattigaste land vert båe partar engasjerte til å jobbe vidare. Frå 2005 og fram til i dag har vi gått frå 50 til over 90 prosent oppslutnad om det internasjonale arbeidet. Å delta på aksjonsdagen er nemleg frivillig.

Flora vgs – ein internasjonal skule – noko å feire
God kommunikasjon og tett samarbeid har sakte og sikkert gitt lokalt eigarskap og konkrete resultat. Ein annan suksessfaktor kan vere det at også verda kjem nærare Flora vgs; skuleåret 2016-17 har vi heile 108 elevar med bakgrunn frå heile 33 ulike nasjonar.

På internasjonal dag onsdag 9/11 feirar vi mangfaldet. Vi gjev også informasjon og inspirasjon til å støtte Malawi-prosjektet vidare. I år kom Jon Strand, dagleg leiar i Kumudzi Kuwale flygande frå Malawi for å halde foredrag i auditoriet om korleis han har vore med å bygge opp selskapet til ein sukses. Frå 1130-1300 kokte det i skulens aula. Elevar og lærarar frå Flora vgs og innvandrarsenteret samlast om eit hav av internasjonal mat og underhaldning.

bilder fra dagen (Ø. Garfors): https://goo.gl/photos/YtyasqP6jMxVKCZ26


Noko av det Flora vgs og NYO har fått i stand:

  • Distriktets første internett kafé – som seinare har blitt utvikla til ein restaurant.

  • Distriktets einaste yrkesopplæringssenter som per 2016 har utdanna 446 elevar innan fem ulike yrkesfag. Om lag like mange jenter som gutar får tilbod.

  • Samarbeid med Nkhotakota fengsel om yrkesutdanning for straffedømte ungdom som sonar korte straffer, slik at dei enklare skal få innpass i samfunnet igjen.

  • Eit kultursenter som gjev ungdom fritidstilbod. Dei har musikkskule, teikne- og danseklassar,idrett kvar ettermiddag, leksehjelp, konsertar og talentshow.

  • Starta Nkhotakota Music Festival. Ein av Malawis største musikkfestivalar – gratis for ungdom.

  • Eit aksjeselskap med 20 tilsette som bygger ut elektrisitet basert på solenergi i landsbyane kring Nkhotakota.

  • Kumudzi Kuwale vann i 2014 Seed Awards, ein internasjonal pris for å ha lukkast i

  • I 2016 kjøpte ein ekstern investor 46 % av selskapet. Dei tente på ideen, spytta inn kapital og ønskjer vidare utvikling i selskapet.

  • Bygd ein organisasjon på eigen eigedom som har vakse frå 5 til over 40 tilsette.

  • Eit utvekslingsprosjekt støtta frå Fredskorpset som gjer at Flora vgs sidan 2012 har hatt to tilsette frå Malawi, medan NYO får tilført to nordmenn som mellom anna føl opp Flora vgs sine prosjekt.