Flora vidaregåande skule
elevar frå yrkesskulen Flora vgs har støtta i Malawi sidan 2011

Foto: Trygve Mongstad

Aksjonsdagen 2017, fredag 1/12

Årlig aksjon i regi av elevane på skulen. Elevane jobbar eller samlar inn pengar som går til yrkesopplæring i Malawi.

Vi har satt som mål at alle som er med skal bidra med 400 kr. Dette vil hjelpe til at 120 elevar får yrkesopplæring i eit av dei fem yrkesfaga som vert tilbydd i Malawi. Tilknytt skulen har vi også eit karrieresenter som lærer elevane opp i entreprenørskap og føl dei opp slik at dei kan skaffe seg arbeid og bidra tilbake til samfunnet.

Litt praktisk info

I år er aksjonsdagen fredag 1/12. For å delta skal elevane jobbe eller samle inn 400 kr. Elevar som ikkje ønskjer å delta i aksjonen vil få opplegg på skulen. Treng du jobb (enkel skogrydding i storeåsen) må du også ta konakt via lærar eller melde om dette til internasjonal komité. Om du ikkje deltek eller møter på skulen vil det førast fråvær. Betalingsfrist er 12/12.


For å registrere prosjektet på bidra.no:

Gå inn på bidra.no, vel «registrer». Fyll inn feltene eller registrer deg via Facebook. Opne epost og bekreft via linken. Vidare loggar du inn og «start nytt prosjekt». Registrer med eige namn. Under type prosjekt vel du Flora vgs, at prosjektet er i regi av deg. Vel bilde, skriv namn og klasse. Målbeløp skal vere 400 kr.

Når du har registrert og publisert prosjektet kan du dele linken med den/dei som skal betale. Detaljert oppskrift finn du i Fronter.


Vil du starte ein aksjon sjølv?

Du registrerer som beskreve ovanfor? Sett eit realistik beløp, minimum 400 kr. Fyll inn informasjon om kva du vil gjere om folk betaler (vil du vaske do, springe 1 km for kvar 100-lapp du får inn, klippe deg?),  og kvifor du synes folk skal bidra til aksjonsdagen. Del lenka med nettverket ditt på sosiale medier. Vi premierer den som får inn mest på sin aksjon / beste klasse.

 

Du kan også betale via fakturaen på neste side (om du treng levere til arbeidsgjevar).

Lever fakturaen som du finn på baksida av dette arket til arbeidsgjevar. Mister du din eigen faktura kan du også finne den i Fronter. NB! Hugs å merke betalinga med namn.