Flora vidaregåande skule
Aksjons (2)

Aksjonsdagen 2020

Aksjonsdagen vart ein suksess, totalbeløp blei 130 018,- Vi takkar alle elevane som bidrog til det flotte resultatet. Elevar som ikkje fekk betalt inn på bidra.no i tide, kan ta kontakt med lærar Trond Ole Hjorthaug

 

 

Fredag 04 desember får alle elevane fri for å delta på Flora vgs sin aksjonsdag. Elevane kan jobbe heime, finne ein jobb eller gjere ein innsats med å dele bidra.no/flora slik at ein tener inn 400 kroner. Desse 400 kronene går uavkorta til yrkesutdanning og kultur i Nkhotakota, Malawi.

Målet for åretrs aksjon er å tene 180 000 kroner. Desse midlane vert fordelt mellom ein yrkesskule og eit kultursenter. På yrkesskulen vert det undervist i fem ulike fag som er relevante for behovet i Malawi - skreddarfag, sveising, elektroinstallasjon, IKT og byggfag. Elevane går gjennom eit eller to år på skule og deretter ut i lære i lokale bedrifter i Nkhotakota. Gjennom aksjonsdagen har vi med hjelp frå elevane på Flora vgs sidan 2009 fått over 1000 ungdommar i Malawi ut i arbeid.

På kultursenteret i Nhkotakota driv dei undervisning i musikk, kunst og dans. Dei har ein årleg festival med både lokale , nasjonale og internasjonale artistar og rundt 2000 publikummarar. 

Prosjekt Malawi UB har tett samarbeid med YouthCode i Nkhotakota og saman sørger vi for at alle innsamla midlar vert nytta der dei skal.

Betalingsinformasjon: 

Gå inn på bidra.no/flora og opprett eit prosjekt. Prosjektet kan enkelt delast i sosiale medier, og då kan føresette, onklar, tanter og vener betale ein liten sum og soleis hjelpe deg til å hjelpe. Hvis du trenger hjelp til opprettelse vil det i storefri være medlemmar av Prosjekt Malawi UB tilstades i storefri i fellesarealet. Du kan også spør Trond Ole  eller Tine.

Tittel på prosjektet:

Tittel må være ditt fulle for- og etternamn, samt at du vel din klasse frå nedtrekkslista. 

Betalingsfrist:

Det må være 400 kroner på ditt prosjekt innan tysdag 15 desember. Ein kan sjølvsagt bidra med meir enn 400 kroner.