Flora vidaregåande skule
Elevar på havrafting

Elevar på havrafting

Aktivitetsdag, Våtmoroleikar, Havrafting og Sooool!

Flora vgs arrangerer aktivitetsdag tysdag 31/5. Det er meldt sol og rektor spanderer grillmat. Gled deg. Oppmøte 0845 utanfor idrettssenteret.

Flora Vgs og Våtmoro arrangerer aktivitetsdag for elevane sine med våtmoroleikar tysdag 31/5. Vi startar dagen utanfor idrettssenteret. Elevar stillar opp klassevis før de skal bli med på aktivitetar i hallen og rundt storeåsen. Kl 12 er rektor ferdig med grillmaten på Sørstrand. Kl 13 skal dei fire beste laga utfordre lærarlaget til ein spektakulær finale for Våtmoroleikane 2016. Premiering av beste lag.

Ungdomsbedrifta Ung i Flora arrangerer samtidig Havrafting til sterkt rabattert pris (300 kr for 1 time). Vi har tre avgangar, kvar med plass til 12 personar (avreise kl 12, 13 og 14). Påmelding til havrafting etter først-til-mølla-prinsippetUng i Flora.

Ta med klede aktivitet ute, gjerne badetøy og handklede. Drikke tar du med sjølv. Og.... det vert Soool! NB! Kun for elevar ved skulen.