Flora vidaregåande skule
elevar på bedriftsbesøk

elevar på bedriftsbesøk

Bli med på spanande bedriftsbesøk innan teknologi og realfag

Bli med i Ocean Space Task Force One og opplev spanande bedriftsbesøk saman med ingeniørstudentane i Florø. Meld deg på; første bedriftsbesøk vert 31/1.
 

Har du interesse for teknologi eller realfag? Bur du i Sogn og Fjordane og går i 9. eller 10. klasse eller på videregåande skule? Då kan du bli med i Ocean Space Task Force One. Du vil få oppleve spanande bedriftsbesøk og henge med ingeniørstudentane i Florø. Dette gir deg verdifull kontakt med næringslivet og studiemiljøet i byen. Begge deler kan gi deg nyttige fortrinn.

Meld deg på arrangementet.

Denne første samlinga startar med omvisning hos Havlandet Marin Yngel på Fjord Base. Dei er er verdsleiande på produksjon av berggylt- og torskeyngel. Samlinga blir avslutta med pizza, speling og mingling i dei heilt nye lokala til høgskulestudentane i Florø. Deltaking er gratis.

Realfag- og teknologikompetanse vil gi deg store mogelegheitar i yrkeslivet i framtida. Nærleiken til fjordar, hav og skjærgard i Sogn og Fjordane gir grunnlag for vekst innan mellom anna havbruk, skipsbygging og petroleumsnæringane. Oppstartmøtet blir det første av i alt åtte tilsvarende arrangement i 2017.

Ocean Space Task Force One er etablert og blir drifta av Maritim Forening Sogn og Fjordane, GCE Subsea og linjeforeninga In Fundo.