Flora vidaregåande skule
Onsdag var det offisiell overrekking av containeren som Flora vidaregåande skule har bygd til Ungdom i oppdrag. No skal containeren vidare til Papa Ny-Guinea.

Onsdag var det offisiell overrekking av containeren som Flora vidaregåande skule har bygd til Ungdom i oppdrag. No skal containeren vidare til Papa Ny-Guinea. Tarjei Langeland

Bygde container til Papua Ny-Guinea

For omtrent eit år sidan fekk Flora vidaregåande skule førespurnad frå organisasjonen "Ungdom i oppdrag" om å utruste ein container som skal bli brukt på eit yrkesopplæringssenter i Papua Ny-Guinea. Elevar frå bygg- og anleggsteknikk, elektro og teknikk- og industriell produksjon har brukt mykje tid på å utruste, innreie og isolere containeren. Denne veka stod containeren klar til å bli shippa til Asia og onsdag var det offisiell overrekking på skulen.

Dagleg leiar for Ungdom i Oppdrag Medical Ships, Bjarte Tonheim, er stolt av innsatsen som er lagt ned: 

- Eg vil takke for at de ville vere med og hjelpe befolkninga i Papua Ny-Guinea. Det finst så mykje fin ungdom her, og eg er veldig takksam for alt arbeidet som er gjort. Eg har sjølv bodd i Florø, og eg kjenner at eg faktisk vert litt rørt, seier han. 

Han takka også dei lokale aktørane som har bidrege: 

- Build Aid, XL Bygg og Fokus Elektro har trådd til med mange hundretusen kroner i utstyr og arbeid og vi er enormt takksame, seier Tonheim. 

- Ikkje eit nei å få 

Ole Stenbakk v/ Build Aid var også tilstades ved overrekkinga. Han gjev honnør til lokalsamfunnet i Florø: 

- Av alle prosjekt eg har haldt på med, så er dette det enklaste. Det er ikkje eit nei å få nokon plass, og ein er rett og slett heime med gang. Det er heilt fantastisk, skryt han. 

 


rttr

- Stort behov for hjelp 

Neste stopp for Ungdom i oppdrag er øya Bougainville: 

- Det er kjend for å vere ei revolusjonær øy, og det er ikkje mange som reiser dit. Det er eit stort behov for hjelp, og difor dreg vi dit, forklarar Tonheim.