
Informasjon til alle elevar om skulekvardagen ved smittevern på «raudt nivå»
Informasjon til alle elevar om skulekvardagen ved smittevern på «raudt nivå»
- Du skal ikkje møte på skulen om du er sjuk. Er du sjuk skal du gi melding til kontaktlærar.
- Sjekk TEAMS for oversikt over kva klasserom du skal møte på
- Vask hender før du går heimanfrå
- Unngå i størst mogleg grad å nytte kollektivtransport til skulen
- Unngå trengsel og hald minst ein meter til andre når du går inn på skulen
- Vask/sprit hender når du kjem til skulen
- Hugs hosterutinar. Host i albukroken eller bruk papir som du kastar etterpå
- Ved raudt nivå skal du halde 1-meter avstand til alle, heile tida!
- I klasserommet, verkstad og idrettshallen
- I garderobar
- I fellesarealet og gangane på skulen
- Elevar i YFF-faget skal følgje bransjestandard i samråd med faglærar og bedrift
- Basisgruppa/kohorten din er kontaktlærargruppa. Store klassar er delt i to grupper. I programfag på studiespesialisering og idrett skal elevar frå same kohort sitte samla i klasserommet
- Gå til klasserommet ditt. Du kan ikkje sitje andre stadar for å jobbe med skolefag når du har fått tildelt klasserom
- Bruk same pult gjennom dagen om mogleg, skal du byte plass/klasserom SKAL du vaske pultflaten du har brukt. Du finn vaskemiddel og klut på kvart klasserom
- Unngå å danne grupper på tvers av kohorter i friminutt/fritimar. Ta med kantinematen attende til klasserommet ditt
- Gi melding til kontaktlærar dersom fråværsføringa i Skolearena ikkje er riktig
Florø 05.01.21
Rektor