Flora vidaregåande skule
Foto som syner to jenter i ein buss. Dei sit på kvar si side av midtgangen, ei er mørkhåra, og den andre er blond. Foto: A til Å Grafisk Design og Media

Foto som syner to jenter i ein buss. Dei sit på kvar si side av midtgangen, ei er mørkhåra, og den andre er blond. Foto: A til Å Grafisk Design og Media

Dette gjer du dersom det vert streik på måndag og du er avhengig av skuleskyss!

Informasjon om eventuell busstreik måndag

 

Dette gjer du dersom det vert busstreik på måndag og du er avhengig av skuleskyss!

  • Elevar som har høve til det vert oppmoda om å gå eller sykle til skulen eller finne anna transportløysing utan å bryte gjeldande smittevernreglar for skuleskyss.
  • Elevar som må vere heime grunna manglande skuleskyss vert bedne om å melde frå til kontaktlærar og finne ut kva klassen arbeidar med i dei ulike faga. Elevane som ikkje kjem seg til skulen på grunn av streiken vil ikkje få fråvær. 
  • Elevar som ikkje til vanleg er avhenging av skuleskyss kan kome seg til skulen slik dei til vanleg gjer, men hugs at ingen bussar går dersom det vert streik. 

Bakgrunn for dette:

Som kjent er bussjåførar i Vestland tekne ut i streik frå komande laurdag etter brot i meklinga mellom NHO Transport og fire arbeidstakarforbund. Dette er ein lovleg streik som vil innebere at størstedelen av busstilbodet i Vestland vert stansa. Det vert ikkje gjeve dispensasjon for skulekøyring, noko som inneber at mange elevar ikkje kjem seg til skulen ved mogleg utviding av streiken. 

Fylkesdirektør ber skulane informere elevar og føresette om å følgje med i media om transportsituasjonen. 

Rektor

https://www.vestlandfylke.no/nyheitsarkiv/2020/vanleg-undervisning-i-vestland-ved-ein-eventuell-streik/