Flora vidaregåande skule/Om oss/Prosjekt og satsingar/Entreprenørskap
utklipp frå nettsida til ungdomsbedrifta adabt.no

utklipp frå nettsida til ungdomsbedrifta adabt.no

Entreprenørskap

Flora vgs har satt opp entreprenørskap som eit viktig punkt i skulens utviklingsplan fordi det er med å skape kreativitet, skaparglede og haldningar som vil komme til nytte for elevane når dei skal ut i arbeidslivet.

Ungt Entreprenørskap er vår hovudsamarbeidspartner innan entreprenørskap i skulen. Dei eig ei rekke program og kjem med ressursar og støtte inn i skulen slik at vi kan få gjennomført mellom anna programmet for ungdomsbedrifter, innovasjonscampar, leiar for ein dag, frå utdanning til jobb med meir. 

Vi har sidan 2004 hatt fleire ungdomsbedrifter som eit mogleg val for elevane våre. Mellom 50 og 80 elevar har årleg vore med på programmet ungdomsbedrift. Skulan har også årleg minst ein innovasjonscamp kor elevar skal løyse verkelege problemstillingar for verksemder utanfrå.

I yrkesfaga er lærarane flinke til å dra nytte av samarbeid med bedrifter, leverandørar og andre støttespelarar. Dette gjev elevane nyttig kunnskap om arbeidslivet dei snart skal inn i og er med på å motivere for vidare innsats.

Tips ein ven Skriv ut