Flora vidaregåande skule
Florarussen arrangerte "rosa dag" på skulen.

Farga skulen rosa

Torsdag 19. oktober farga elevane skulen rosa, og samla inn over 4000 kroner til brystkreftforskning. 

Torsdag arrangerte Florarussen «rosa dag» på Flora videregåande skule, i samband med rosa sløyfe-aksjonen. Målet med aksjonen er å vise solidaritet med dei som er ramma av brystkreft, spreie informasjon og auke kunnskapen om brystkreft, i tillegg til å støtte brystkreftforskning.

Aksjonssjefane Andrine Stusdal Melvær og Frøya Hopen Eliasson er strålande nøgd med dagen: 

- Det er kjekt å vere med på å bidra til noko som er så bra, seier Andrine. 

Farga skulen rosa 

Andrine og Frøya er begge imponert over kor mange som stilte opp i rosa i dag: 

- Dette gjekk over all forventning. Nesten all russen gjekk i rosa, i tillegg til store delar av skulen elles, fortel Frøya. 

- Og dei som ikkje gjekk i rosa, angra nok på det. For vi såg ganske mange som prøvde å skaffe seg rosa plagg i løpet av dagen, legg Andrine til. 

Rosa kakefat

Også lærarane hadde kledd seg i rosa i anledning aksjonen:

- Ja, utanom rektor då. Han gjekk ikkje i rosa, såg vi. Men han spiste kake av rosa fat då, så det får vere greitt, ler dei. 

Russen hadde nemleg vore i full sving og bakt ein haug med kaker som dei solgte på skulen i dag. Totalt samla kakesalet inn 4121 kroner, og desse går rett til Kreftforeningen.