Flora vidaregåande skule
music festival

Fjordprega festival

Laurdag 28. april vart Nkhotakota Music Festival i Malawi arrangert for sjette gong. Sjølv om det er langt frå Sogn og Fjordane til ein musikkfestival i Malawi er koplinga likevel sterkare enn ein skulle tru.

Vi må heilt attende til 2005, då ein åtte år gammal ungdomsorganisasjon i Malawi, Nkhotakota Youth Organisation (NYO) starta eit partnarskap med Flora Vidaregåande Skule i Sogn og Fjordane. Eit tilsynelatande merkeleg partnarskap, men med ei sterk tru om at det var eit partnarskap begge kunne tene på. Optimismen var ikkje utan grunn, og partnarskapet har vakse seg sterkare og sterkare. I 2011 starta partane eit utvekslingsprosjekt støtta av Fredskorpset, og har utveksla fagleg personell kvart år sidan då. Ungdomsorganisasjonen NYO har utvikla seg mykje i desse åra, og har mellom anna starta eit yrkesfagsenter med fem linjer, opna eit kultursenter og stifta eit dotterselskap som jobbar med solcelleenergi. I tillegg, som allereie nemnt, står organisasjonen bak ein no veletablert musikkfestival med godt omdømme.

Lokalt, nasjonalt og internasjonalt preg

Nkhotakota Music Festival vart arrangert for første gong i 2014, under leiarskapet til dåverande Fredskorpset-deltakar Sille Lukowski. Med god støtte frå elevar ved Flora VGS, som samla inn donasjonar til festivalen, har den vorte større og meir profesjonell for kvart år. Førre laurdag opna NYO dørene for sjette gong med ein line-up som vart lagt merke til. «Sjølv om namn som Code Sangala og Erik Paliani kanskje ikkje slår nordmenn i bakken skal det ikkje meir enn eit google-søk til for å forstå at dette er store namn, ikkje berre i Malawi,» seier årets festivalsjef Tor-Øyvind Rand. 27-åringen frå Stryn tok over jobben som entreprenørskapsrådgjevar i NYO i februar, og har i tillegg ansvaret for kultursenteret og musikkfestivalen. «I tillegg til store namn frå Malawi er vi òg veldig stolte av at vi hadde fleire nasjonalitetar på scena, med artistar frå Storbritannia, Brasil, Mosambik og Noreg. Vi er òg veldig glad for å ha gjeve sjansen til lokale artistar, mellom anna to tenåringsgutar som gjekk sigrande ut av eit talentshow som vi arrangerte for ein månad sidan. Med imponerande danseinnslag vart dei raskt ein publikumsfavoritt,» seier Rand. Han legg til at ein viktig del av musikkfestivalen er å løfte fram lokale talent, samt rette fokus på andre område som organisasjonen jobbar med.

Kjønn og kondom

NYO har mellom anna eit fokus på å fremje kunnskap om HIV/Aids og bidra til førebyggjande arbeid mot spreiinga av sjukdomen. I år valde musikkfestivalen å setje av ein diskret del av festivalområdet til kvalifisert helsepersonell som kunne teste menneskjer for sjukdommen samt dele ut både kunnskap og gratis kondom til dei som måtte ønske. Tilbodet vart godt nytta, særleg av ungdommen, og sørga for at fokuset til musikkfestivalen var større enn berre musikk. Det auka fokuset stogga ikkje der. «Fokus på likestilling står sterkt i NYO, og vi skulle gjerne hatt fleire kvinnelege artistar på scena i år. I år var to av ni artistar/grupper kvinnedominert, og det er noko vi tek med oss vidare,» seier Rand, og legg til at ein av dei største namna, ein populær kvinneleg artist frå Malawi, trekte seg kort tid før festivalen. «Til gjengjeld hadde festivalen sin første kvinnelege æresgjest, som opna festivalen med å snakke om nettopp kjønn og likestilling. Vi er glade for at festivalen bidrog til å rette fokus på problema kring nettopp dette.»

Frå fjord til festival

Festivalen gjekk for første gong med eit signifikant overskot, og pengane går rett inn i budsjettet til kultursenteret til å bygge vidare på sine aktivitetar. «Ein stor takk går sjølvsagt til elevane på Flora VGS, for utan donasjonen som dei har samla inn har vi ingen festival. Målet er at festivalen skal halde fram med å vakse og bli eit årleg samlingspunkt for folk over heile landet. Om overskotet aukar litt kvart år er det sjølvsagt ein stor bonus, for her i Nkhotakota kan vi gjere ganske mykje med ganske lite,» seier Tor, og legg til at Flora ikkje er den einaste bidragsytaren til NYO frå Sogn og Fjordane. «Vi fekk nyleg ein donasjon frå elevar frå Stryn Ungdomsskule, som kjenner til prosjektet. I vekene som kjem skal vi legge strategien for korleis både donasjonar og overskotet frå festivalen kan nyttast på best mogleg måte,» avsluttar Rand, men legg til at han håpar så mange som mogleg frå Fjordfylket vel å legge ferien sin til neste års festival i Malawi – det varme hjartet i Afrika.

 


h