tre elevar driv med rørsveising

tre elevar driv med rørsveising

Fleire fullfører yrkesfag

Tett oppfølging aukar gjennomføringsgraden. På vg2 yrkesfag ved Flora vgs fullførte 91,2 prosent av elevane i 2015.

Sogn og Fjordane har ei positiv utvikling på tal elevar som fullfører og består den yrkesfaglege opplæringa i den vidaregåande skule melder opplæringsavdelinga på si heimeside:

Dei to siste åra kan fylket vise til fem prosent auke på fullført og bestått vg2 yrkesfag for alle skulane. Dei skulane som har hatt størst framgang er:                                                                                     

Vidaregåande skular Fullført og bestått vg 2-14 Fullført og bestått vg 2-15
Eid vidaregåande skule 83,0% 92,0 %
Flora vidaregåande skule  79,0 % 91,2 %
Mo og Øyrane vg skule   74,0 % 85,7 %
Stryn Vidaregåande skule 76,0 %  93,0 %

 

Fråfallet er størst mellom vg2 i skule til vg3 i bedrift, og potensialet for auka gjennomføring er såleis størst der.

I tillegg er det ein nedgang i tal elevar som sluttar  i løpet av vg2 på dei yrkesfaglege programma. I 2014 var det 50 som slutta i løpet av vg2 mot 36 i 2015. Dette tilsvarar 1 % nedgang.

Elevar som fullfører og består aukar sjansane sine til å få læreplass etter vg2, men i tillegg til å  kvalifisere seg  bør ein ha lågast mogeleg fråvær, god orden og åtferd  og bestått  kroppsøving med karakter. Det å kunne «selje seg» på ein god måte gjennom utplassering i PTF (Prosjekt til fordypning), god søknad og CV og å øve på intervjusituasjonar er viktig for ungdomane.

Fylkesdirektør  har lagt klare føringar for at dei vidaregåande skulane skal ta større ansvar for formidlingsprosessen. Alle dei vidaregåande skulane med yrkesfaglege utdanningsprogram har ordning med arbeidslivskontakt.  Hovudutval for opplæring gjorde i i 2015 vedtak om at  gjennomføring og overgangen frå skule til bedrift er hovudarbeidsområde.

Den nasjonale satsinga « program for betre gjennomføring»  har gjeve rom for fylkesdirektøren til å vere  «tettare på» dei vidaregåande skulane med omsyn til  implementering av gode rutinar for kvalifisering og gjennomføring, samt oppfølging av skulane med tanke på at dei må innarbeide gode rutinar i høve formidlinga til opplæring i bedrift. 

Fylkesdirektøren har også hatt tett oppfølging av skulane for at dei skal innarbeide gode rutinar i høve formidlinga til opplæring i bedrift.

Kjelde: http://www.sfj.no/fleire-fullfoerer-yrkesfag.5842817-339464.html