Flora vgs 50 år

Flora vgs 50 år

Flora vidaregåande feirar 50 år.

I år er det 50 år sidan skulen opna i Professor Gjelsviks veg. Dette vert markert med foredrag, jubileumsfest og eit festskrift til skulen.

Flora vidaregåande har desse åra spelt ei viktig rolle for omlag 200 nye elevar kvart år. Skulen har gått frå eit lite «by-gymnas» med to klassar til å bli ein av dei største vidaregåande skulane i fylket. Jubilanten har i dag 550 elevar med stor og smått, 102 tilsette og 29 grupper. Frå 21. til 23. november vert alle desse og eit knippe spesielt inviterte gjestar med på å markere jubileet.

Fest for alle

Skulen har blitt ein internasjonal opplæringsinstitusjon med elevar frå mange land og med elevprosjekt som bidreg til utvikling i Malawi og Uganda. Onsdag arrangerer Prosjekt Malawi internasjonal dag, med siste nytt frå prosjekta, underhaldning og internasjonal matmarknad på skulen.

Karrieredag med tidlegare elevar.

Torsdag 22.11. er tidlegare elevar invitert til å fortelje si historie. Her vil elevane få historia frå 30  tidlegare elevar i ulike aldrar og yrker. Det er langt frå alle som hadde ein plan når dei gjekk på vidaregåande. Gjennom desse møte får elevane høyre kva som førte til at nokon vart trenar, politijurist, tømrar, prosjektrådmann, bedriftsleiar, sjukepleiarar, lærar eller konsulent for å nemne nokre. Vi trur dette vil inspirere elevane til å sjå moglegheiter og å oppdage at det å endå vere usikker på vaksenlivet, kan vere noko positivt. Torsdag, kl. 10 og kl. 11 vert det også organisert omvising på skulen for dei som er interessert i å sjå korleis ein av dei mest moderne skulane i fylket no ser ut.

Ei gåve til elevar og tilsette

Fredag har skulen leigd samfunnshuset på dagtid for elevane og tilsette der vi vil gje tre spanande foredrag i gåve til elevane.

Njål Engesæth, kjend frå Lisenskontrolløren på NRK vil fortelje om det å vere ungdom før og no.

Ein annan NRK profil frå Florø, Solveig Hareide, vil gje elevane tips til korleis dei betre kan kommunisere i skule, livet framtidig arbeidsliv.

Pellegrino Riccardi vil fortelje om kulturmøter og tips til korleis vi betre kan møte kvarandre i fellesskapet vi bur i.

Det vert ei markering for tilsette og pensjonistane våre med bidrag frå fylkesordførar, fylkesdirektør, og representantar frå Flora kommune, på Haavebua på kvelden.

Festskrift

Skulen har vore ein møtestad for tusenvis av elevar og hundrevis av tilsette i løpet av desse åra. Det er ikkje mogleg å få plass til alle desse og deira historier, og vi har valt å intervju omlag 50 elevar og tilsette som samla representerer skulen i desse fem tiåra. Det som skulle vere eit «hefte» har likevel gjennom prosessen utvikla seg til ei heil bok på meir enn 100 sider som fortel om utvikling av skulen, elevane, folka som jobbar der, studietilboda, bygningane og ulike satsingsområder som ungdomsbedrifter, internasjonalisering, særskilt tilpassa opplæring og samarbeidsprosjekt med Flora kommune.

Boka er rikt illustrert med bilete , supplert med innhald frå Firdaposten sitt digitale arkiv. Ein særleg takk til dei for dette. Redaktør for boka er Solveig Helene Brekke, som til dagleg er lærar ved skulen.