Flora vidaregåande skule
elevar frå yrkesskulen Flora vgs har støtta i Malawi sidan 2011

Foto: Trygve Mongstad

Forretningsutviklar og entreprenørskapsrågjevarar i Malawi og Uganda

Flora Vidaregåande Skule samarbeider med Nkhotakota Youth Organisation (NYO) i Malawi og Uganda Youth Skills Organisation i Uganda. Frå februar 2019 har vi tre spanande stillingar innan solenergi, entreprenørskap og yrkesfagsutdanning.

Les om dei tre stillingane nedanfor:

Vil du jobbe som forretningsutviklar i eit solcelleselskap i Malawi?

Flora Vidaregåande Skule samarbeider med Nkhotakota Youth Organisation (NYO) om fleire sosiale entreprenørskapsprosjekt i Nkhotakota District i Malawi. Gjennom Norec (Fredskorpset) får vi finansiert stillingar som skal støtte utvikling gjennom kompetanseutveksling. Målet vårt er å skape økonomisk bærekraft i prosjekta våre og betre levevilkåra og miljøet for innbyggarar i Nkhotakota. Vi er på god veg, men det nok av utfordringar å ta tak i. Frå 17. februar 2019 treng vi ein driftig person som kan ta over etter den som er der i dag.

Vi treng ein driftig person som kan vere med å vidareutvikle Kumudzi Kuwale Ltd. («landsbylys») som driv med sal, installasjon og service av solenergiløysingar i Malawi. Kumudzi Kuwale er eit dotterselskap av NYO, vart starta opp i 2013 og har 14 tilsette på hovudkontoret og kring 30 agentar. Selskapet driv to butikkar, ladestasjonar i rurale strøk og tar på seg større installasjonsoppdrag. Vi treng ein person som er interessert i å utvikle dette spanande sosiale føretaket vidare. Sjekk også heimesida og facebooksida til Kumudzi Kuwale.

Malawi vert ofte referert til som «The Warm Heart of Africa» er kjend for sitt vennlege folk og for ei stor vidde i naturopplevingar. Nkhotakota District har 350,000 innbyggarar og ligg ved breidda av Lake Malawi, Afrikas 3. største innsjø. I kommunesenteret som ligg ved innsjøen bur det kring 35,000 innbyggarar, der er ein innhaldsrik marknad, restaurantar, butikkar og kort veg til lodgar med flotte strender. Du disponerer eige hus med hage.

Arbeidsoppgåver:

  • Stillingstittel: Business Development Manager.Hjelpe prossesen frå å ha ein dagleg leiar ansatt gjennom Norec til å ha ein lokal dagleg leiar.
  • Personal- og resultatansvar for to butikkar og rurale ladestasjonar.
  • Rådgjevar for dagleg leiar og økonomiansvarleg.
  • Støtte dagleg leiar med førebuing av rapportar til styret i Kumudzi Kuwale.
  • Arbeide med styrking av forholdet mellom Kumudzi Kuwale og NYO.
  • Oppretthalde og etablere nye partnarar til Kumudzi Kuwale.
  • Etterarbeid etter heimkomst frå Malawi etter avtale.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Evne til å sjå moglegheiter og ha eit positivt livssyn.  
  • Evne til å ha ein rettleiande og delegerande leiarstil.
  • Resultatorientert med handlekraft.
  • Ha forståelse for økonomien i eit selskap.
  • Evne og vilje til å tilpasse seg ein ny kultur.
  • Evne til å motivere seg sjølv og andre, også i motgang.
  • Relevant utdanning og erfaring knytt til fleire av fagfelta; leiing, entreprenørskap/forretningsutvikling, økonomi/administrasjon.
  • Relevant teknisk bakgrunn innan elektro/solcelleteknologi, klima, energi/miljø er positivt men ikkje påkrevd.
  • Minimum 2 års relevant arbeidserfaring.
  • God engelsk munnleg og skriftleg.
  • Alder 22-35 år, jfr. Norecs retningslinjer.


Praktisk:

  • Kontrakt på 13 mnd, oppstart 17. februar 2019.
  • Løn etter Norecs satsar.
  • Dekt reiseutgifter, bustad og forsikringar i Malawi.
  • Atterhald om finansiering frå Norec.
  • Meir informasjon får du hos Øystein Garfors, (tlf 41 53 06 03) eller hos Arne Marius Skillingstad som leiar Kumudzi Kuwale i dag (arne.marius@kumudzikuwale.com).
  • Send søknad og CV innan 21. oktober til oystein.garfors@sfj.no.
     

Vil du jobbe med entreprenørskap og yrkesopplæring i Malawi? 

Flora Vidaregåande Skule samarbeider med Nkhotakota Youth Organisation (NYO) om fleire sosiale entreprenørskapsprosjekt i Nkhotakota District i Malawi. Gjennom Norec (Fredskorpset) får vi finansiert stillingar som skal støtte utvikling gjennom kompetanseutveksling. Målet vårt er å skape økonomisk bærekraft i prosjekta våre og betre levevilkåra og miljøet for innbyggarar i Nkhotakota. Vi er på god veg, men det nok av utfordringar å ta tak i. Frå 17. februar 2019 treng vi ein driftig person som kan ta over etter den som er der i dag.

Rådgjevaren innan entreprenørskap skal vidareutvikle eit karrieresenter for ungdom under yrkesfagutdanning. Årleg utdannar dei kring 100 ungdom innan sveising, skreddar/design, byggfag, elektro og IKT. Karrieresenteret tilbyr rådgjeving og utdanning innan entreprenørskap til alle elevane. Dei støttar dei også med å skaffe seg jobb, eller starte for seg sjølv under og etter studiet. I tillegg vil rådgjevaren bli involvert i drift av eit kultursenter som driv ein restaurant, musikkskule, teikne- og danseklassar, i tillegg til å arrangere Nkhotakota Music Festival. Sjå meir på heimesida og facebooksida til NYO.

Malawi vert ofte referert til som «The Warm Heart of Africa» er kjend for sitt vennlege folk og for ei stor vidde i naturopplevingar. Nkhotakota District har 350,000 innbyggarar og ligg ved breidda av Lake Malawi, Afrikas 3. største innsjø. I kommunesenteret som ligg ved innsjøen bur det kring 35,000 innbyggarar, der er ein innhaldsrik marknad, restaurantar, butikkar og kort veg til lodgar med flotte strender. Du disponerer eige hus med hage.

Arbeidsoppgåver, rådgjevar entreprenørskap

  • Etablere partnarskap.
  • Knytte yrkesfagelevar til lærlingplassar.
  • Hjelpe yrkesfagelevar til å starte eigne bedrifter.
  • Koordinere aktiviteter ved Nkhotakota Cultural Centre og vere involvert i gjennomføring av Nkhotakota Music Festival.
  • Involvert i inntektsskapende virksomhet.
  • Etterarbeid etter heimkomst frå Malawi etter avtale.

Kvalifikasjonar og eigenskapar, rådgjevar entreprenørskap:

  • Stillingstittel: Entrepreneurship advisor.
  • Evne til å sjå moglegheiter og eit positivt livssyn.  
  • Resultatorientert med handlekraft.
  • Evne og vilje til å tilpasse seg ein ny kultur.
  • Evne til å motivere seg sjølv og andre, også i motgang.
  • Evne til å vere sjølvgåande
  • Relevant utdanning eller erfaring knytt til eit eller fleire av fagfelta; entreprenørskap, økonomistyring, rettleiing, rådgjeving eller event-management.
  • Minimum 2 års relevant arbeidserfaring.
  • God engelsk munnleg og skriftleg.
  • Alder 22-35 år, jfr. Norecs retningslinjer.

Praktisk:

  • Kontrakt på 13 mnd, oppstart 17. februar 2019.
  • Løn etter Norecs satsar.
  • Dekt reiseutgifter, bustad og forsikringar i Malawi.
  • Atterhald om finansiering frå Norec.
  • Meir informasjon får du hos Øystein Garfors, (tlf 41 53 06 03) eller hos Tor-Øyvind Rand som har stillinga i dag, toroyvr@gmail.com.
  • Send søknad og CV innan 21. oktober til oystein.garfors@sfj.no.

 

Vil du jobbe med entreprenørskap og yrkesopplæring i Uganda? 

Flora Vidaregåande Skule samarbeider med Uganda Youth Skills Training Organisation (UYSTO) om fleire sosiale entreprenørskapsprosjekt i hovudstaden Kampala. Gjennom Norec (Fredskorpset) får vi finansiert stillingar som skal støtte utvikling gjennom kompetanseutveksling. Målet vårt er å skape økonomisk bærekraft i prosjekta våre og betre levevilkåra og miljøet for innbyggarar i regionen. Frå 17. februar 2019 treng vi ein driftig person som hjelpe UYSTO med å utikle organisasjonen sin.

UYSTO jobbar med yrkesopplæring, karriererådgjeving og entreprenørskap for ungdom i Kampala. Kampala er ein storby med rikt kulturliv i eit land med stor vidde i naturopplevingane. Uganda er mellom anna kjend for fjellgorillaer, Nilens kjelde og Victoriasjøen.

Rådgjevaren innan entreprenørskap skal vidareutvikle organisasjonen og deira satsing på entreprenørskap kombinert med yrkesfagutdanning. Per i dag utdannar dei kring 40 elevar per år, men har planar om å utvide dette. Dei jobbar også med ulike prosjekt som karriererådgjeving, bærekraft og likestilling. Sjå meir på heimesida til UYSTO.


Arbeidsoppgåver, rådgjevar entreprenørskap

  • Undervise i entreprenørskap sammen med staben på UYSTO.
  • Forbedre pensumet i entreprenørskap ved UYSTO I samarbeid med staben.
  • Involvert i produksjon og markedsføring av produkter laget av UYSTO I samarbeid med staben.
  • Assistere oppretthalding og utvikling av partnarskap som kan styrke UYSTO sitt arbeid.
  • Involvert i planlegging og administrasjon av UYSTO sin vekst.
  • Etterarbeid etter heimkomst frå Uganda etter avtale.
     

Kvalifikasjonar og eigenskapar, rådgjevar entreprenørskap:

  • Evne til å sjå moglegheiter og eit positivt livssyn.  
  • Resultatorientert med handlekraft.
  • Evne og vilje til å tilpasse seg ein ny kultur.
  • Evne til å motivere seg sjølv og andre, også i motgang.
  • Evne til å vere sjølvgåande
  • Relevant utdanning eller erfaring knytt til eit eller fleire av fagfelta; entreprenørskap, økonomistyring, rettleiing eller rådgjeving.
  • Minimum 2 års relevant arbeidserfaring.
  • God engelsk munnleg og skriftleg.
  • Alder 22-35 år, jfr. Norecs retningslinjer.

Praktisk:

  • Kontrakt på 13 mnd, oppstart 17. februar 2019.
  • Løn etter Norecs satsar.
  • Dekt reiseutgifter, bustad og forsikringar i Uganda.
  • Atterhald om finansiering frå Norec.
  • Meir informasjon får du hos Øystein Garfors, (tlf 41 53 06 03) .
  • Send søknad og CV innan 21. oktober til oystein.garfors@sfj.no.