Flora vidaregåande skule
job wanted skilt

job wanted skilt

Fredag 2/12 er dagen for årets aksjonsdag.

Treng du arbeidskraft denne dagen, ta tak i ein vgs elev frå Flora vgs. For 300 kr får du hjelp til eit arbeid, samtidig som du støttar 80 elevar med yrkesutdanning i Malawi.. 

Vi oppmodar alle elevar til å skaffe seg arbeid denne dagen - hos arbeidsgjevar, heime eller ved å finne på noko kreativt. Beløpet i år er satt til 300 kr. Betalingsfrist 9/12. Kontaktlærar tek påmelding og deler ut giro.

Vi har mål om å samle inn kring 150,000 kr gjennom denne aksjonen. I Sogn og Fjordane kostar det 182,500 kr å utdanne ein elev på vgs-nivå per år. Vi budsjetterer med å bruke 115,000 kr til drift av yrkesopplæringssenteret vi driv i Malawi. Her får kring 80 elevar kvart år dekka utdanninga si der ved di hjelp. I tillegg vil vi bruke 35,000 kr på fritidsaktivitetar for ungdom. Desse pengane går til drift av ein musikkskule, vi har teikne- og danseklassar, vi arrangerer konsertar og idrettsarrangement.  

Giro kan du også laste ned herifrå (men hugs då å få med elevens navn og klasse). På giro eleven får utdelt står det også eit fakturanummer. Elevar som vil betale kontant eller ved kort kan gjere det på skulen.