Flora vidaregåande skule
Lasse midtbø held stolt opp pokal frå fylkesmesterskap i yrkesfag

Lasse midtbø held stolt opp pokal frå fylkesmesterskap i yrkesfag

Fylkesmeister i yrkesfag 2017

Under Sogn og Fjordane-meisterskapet i yrkesfag 16/2 stakk Lasse Midtbø frå vg2 industriteknologi av med førstepremien.

Arrangementet gjekk av stabelen på Mo og Øyrane vidaregåande skule 16. februar. Flora vgs var representert med elevar i salsfaget, industriteknikk, tømrarfaget og elektrikarfaget. Det vart konkurrert  i ikkje mindre enn 18 fag i Førde denne dagen. Det var 115 elevar påmeldt som konkurrerte i 16 ulike fag. Dette er ei auke på over 100 % frå skulekonkurransen i fjor.

Lasse imponerte, som han pleier, fortel faglærar Ørjan Refvik. Resten av klassen var med for å heie han fram.  

Fylkeskommunen arrangerte meisterskapet saman med World Skills Norway, som arbeider for å auka statusen til, interessa for og kvaliteten på norsk yrkesutdanning. NHO, LO, KS og Utdanningsdirektoratet er blant dei som står bak organisasjonen.
 

Sjå bilder frå dagens konkurranse på Mo og Øyrane sine Facebooksider.