Ved mistanke om at ein elev ikkje opplever eit trygt og godt skulemiljø

Handlingsplan §9a

Skulen har fleire pliktar dersom ein har mistanke om at ein elev opplever at skulemiljøet ikkje er trygt og godt. 

Handlingsplan ved mistanke om at ein elev ikkje opplever eit trygt og godt skulemiljø. Oppl.l §9A

Utvida informasjon kring prosedyrer og skjema og flytskjema finn ein i TEAMS – Filer - “O1_§9 A Elevane sitt læringsmiljø” både for elevar, tilsette og føresette.

Skulen skal arbeide kontinuerleg og systematisk for å fremje helse, miljø og tryggleik for elevane. «Skolene skal ha nulltoleranse mot krenkelser, jf. oppll. § 9 A-3. Eksemplene som nevnes i loven er mobbing, vold, diskriminering og trakassering, men skolene skal ha nulltoleranse også for mindre alvorlige krenkelser. Verken direkte handlinger som for eksempel hatytringer, eller mer indirekte krenkelser, som utestenging, isolering og baksnakking skal tolereres.» (Udir 3 – 2017)

Mål: Alle elevar skal oppleve eit trygt og godt skulemiljø på skulen, på veg til skulen og innanfor alle aktivitetar i regi av skulen.

Det er eleven si subjektive oppleving av læringsmiljøet som er kriteriet. Handlingsplikta inntrer såleis når ein som jobbar i skulen observerer eller har ei kjensle av at ein elev opplever at skulemiljøet ikkje er trygt og god.

Elevar som:

  • opplever at ein sjølv ikkje har eit trygt og godt skulemiljø
  • observerar at andre elevar ikkje har eit trygt og godt skulemiljø
     

kan melde dette til:

  • Kontaktlærar, rådgivar, ein i leiinga, rektor, eller ein anna tilsett som du stolar på.

Alle meldingar skal til slutt kome til rektor, og eleven vert innkalla til samtale og teken med på råd om korleis ein skal arbeide for at skulemiljøet skal verte trygt og godt.

Hugs og at etter §9a har elevar/føresette har høve til å varsle/klage direkte på elevane sitt skulemiljø Fylkesmannen.

Ein kan og melde frå via “Mobbenknappen” på skulen si heimeside.

 

For å sikre alle elevane eit trygt og godt skulemiljø skal skulen:

Plikt: Følgje med

Innhald:

  • Aktivt drive kartlegging av psykososialt miljø gjennom samtalar, observasjon og undersøkingar.
  • Særleg kartlegge og følgje med særleg sårbare elevar.
     

Ansvarleg: Alle som jobbar på skulen, inkl. vikarar.

 

Plikt: Gripe inn

Innhald: Når ein observerer at ein elev ikkje opplever eit trygt og godt skulemiljø skal ein avverge pågåande situasjonar. Stanse, irettesette, vise omsorg. Ver obs. på at ein ved å gripe inn, ikkje skal krenkje andre gjennom fysisk makt, med mindre situasjonen påkallar nødrett.

Ansvarleg: Alle som jobbar på skulen, inkl. vikarar.

 

Plikt: Varsle

Innhald: Ved mistanke om at ein elev ikkje opplever å ha eit trygt og godt skulemiljø pliktar alle tilsette å varsle gjennom avviksskjema til Leiar for skulemiljø eller rektor. Ein skal gi eleven melding om at varsel vert gitt.

Ansvarleg: Den som har mistanken skal varsle.

 

Plikt: Registrere varsling

Innhald: Rektor/Leiar for skulemiljø skal registrere avvik i elevmappa, informere kontaktlærar og setje i verk undersøking. Ved alvorlege tilfelle skal rektor varsle skuleeigar.

Ansvarleg: Rektor/Leiar for skulemiljø.

 

Plikt: Undersøkje

Innhald: Ved mistanke skal skulen undersøkje kva som ligg bak eleven si oppleving. Eleven har rett til å bli høyrd. Ein skal vektlegge eleven si subjektive oppfatning når ein vurderer å gå vidare med tiltak.

Ansvarleg: Rektor/Leiar for skulemiljø i samarbeid med sos.ped team og kontaktlærar.

 

Plikt: Setje inn tiltak

Innhald: For den som opplever at skulemiljøet ikkje er trygt og godt pliktar, i samarbeid med elev/føresette, å setje inn eigna dokumenterte og konkrete tiltak. I vurderinga av kva som er eigna tiltak skal ein skal basere seg på kunnskap, prinsipp og verdiar som er utvikla og anerkjende av kompetente fagmiljø. Dei eigna tiltaka skal gjere det som er tilstrekkeleg for å gi eleven eit trygt og godt skulemiljø. Eleven skal få uttale seg om kva som skal vere innhaldet i aktivitetsplanen.

 

Skulen må ta stilling til kva som er elevens beste i saka. Då må skulen vurdere desse momenta; elevens syn på kva som bør vere innhaldet i aktivitetsplanen, elevens identitet, karaktertrekk og eigenskapar, familiemiljø og nære relasjonar, vern, omsorg og tryggleik, sårbarheit eller sårbare situasjonar, elevens rett til liv og utvikling, elevens fysiske og psykiske helse, og elevens rett til utdanning.

Uansett kva som årsaka til at eleven opplever at skulemiljøet ikkje er trygt og godt, og om denne ligg utanfor skulen, pliktar skulen å setje inn tiltak.
 

Skulen skal rettleie og eventuelt irettesette elevar som har utvist kritikkverdig åtferd.
 

Ansvarleg: Rektor/Leiar for skulemiljø i samarbeid med andre tilsette.

 

Plikt: Dokumentere

Innhald: Skulen skal utarbeide ein skriftleg aktivitetsplan på individnivå, som vert sendt elevar/føresette. Sjå eige dokument for innhald i planen. Planen skal og fastsette tidspunkt for evaluering av tiltak.

Ansvarleg: Rektor/Leiar for skulemiljø.

 

Plikt: Evaluere

Innhald: Skulen skal evaluere tiltaka etter fastsett plan, og vurdere eventuell vidare oppfølging.

Ansvarleg: Rektor/Leiar for skulemiljø.

 

Opplæringslova §9a-5: Skjerpa aktivitetsplikt dersom ein som arbeidar på skulen, krenkjer ein elev                                                                                                                                              

Dersom den som krenker ein elev er ein tilsett har de skjerpa aktivitetsplikt. Rektor skal varsle skuleeigar. Undersøkingar og tiltak skal setjast i verk straks.

Den tilsette som varselet gjeld  skal straks informerast og få høve til å uttale seg om saka. Eleven skal høyrast og føresette til elev under 18 år skal kontaktast. Sjå eigen mal for Prosedyre for varsling etter opplæringslova § 9a-5

 

Etter §9a har elevar/føresette høve til å varsle/klage direkte på elevane sitt skulemiljø Fylkesmannen

 

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut