Flora vidaregåande skule
elevar frå vg2 helsefag i London

elevar frå vg2 helsefag i London

Helsefag på utveksling til London

Gjennom EU-midlar har fire elevar frå vg2 helsearbeiderfag vore to veker på utveksling i London. Dei rapporterer om ei lærerikt og spanande oppleving!

Opplæringsavdelinga i fylket har dei siste åra søkt EU-midler for internasjonalisering. Flora vgs har saman med to andre skular sendt elevar på utveksling til London for å arbeide i helsesektoren. Frå Florø var det Eirin, Anne, Mathilde og Malin som fekk moglegheiten. Mandag 8/5 hadde dei presentasjon av opplevingane sine for vg1 og lærarane.
 
Det er organisasjon ADC som tilbyr arbeidserfaring for elevane og dei tek seg av mykje av det praktiske kring utvekslinga. Elevane på si side får dekka alle utgifter og bur i verftsfamilie i nærleiken av ADC College i Harrow i London.
 
Etter ankomst vart elevane møtt av ADC før dei vart møtt av familiane. Elevane har jobba på ulike stader innan eldreomsorg i London og dei melder tilbake om store forskjellar både i turnus og i aktivitetane som vert tilbydd bebuarane. Dei jobba med både klare og demente eldre og var saman med folk frå ulike kulturar. Jentene opplevde forskjellar i både arbeidstid, hierarki og leiarstil i høve det dei var vand med frå Noreg.
 
På fritida har dei også fått med seg mykje. Shopping, London Eye, Løvenes Konge Musikal og sightseeing til ulike attraksjonar i byen høyrte med. Det har vore lærerikt og dei anbefaler vg1 elevane å søke på utveksling om dei får sjansen i det vidare.