tegneserierute med lærer som underviser mens en pult står tom

H. Kazumi. ©Frå Infobilder

Helseordninga på skulen er avvikla

Ordninga med helsetilbod på skolen som kan dokumentere sjukdom er avvikla frå skulestart. Dette skjer fordi legene ønskjer tettare oppfølging av ungdom som er sjuk.

10% fråværsregelen er viktig å passe på. Når du er sjuk og blir borte frå skulen må du frå 21/08:

1. Melde frå til skolen / kontaktlærar pr. telefon eller via melding på e-post eller i Teams kor du informerer om at du er sjuk og vert vekke. Kontaktlærar registrerer deg som fråverande denne dagen. Dette tel på fråværsgrensa

2. Er du borte grunna sjukdom og treng å dokumentere fråværet for å sikre deg mot å gå over fråværsgrensa MÅ du:

  • Gå til lege SAME dag som du er sjuk for å registrere og dokumentere dette
  • Har du diare og eller oppkast MÅ du ringe lege SAME dag for å registrere og dokumentere dette
  • Er du borte grunna kroniske lidingar MÅ du kontakte lege SAME dag som du er borte for å registrere dette.

3. Er du litt småsjuk eller har ein skade som påverkar t.d. Kroppsøving kan du møte på skulen og snakke med læraren om tilrettelegging av opplegget – slik at du kan vere med mest mogleg.