Flora vidaregåande skule/Elev og føresett/Elevtenester/Støtte og rådgjeving/Helsetenesta
Norunn Midthjell og Kristine Berentzen

Norunn Midthjell og Kristine Berentzen

Helsetenesta

Norunn Midthjell og Kristine Berentzen jobbar som helsesøstrer på Flora vgs. Dei er tilstades fem dagar i veka.

Skulehelsetenesta er eit tilbod til alle elevar ved skulen fem dagar i veka. Opningstida er kl 09 til 15* men då dei også av og til er i møter kan du også sjekke ut oppdateringar i Teams, "FLOR Alle, skulehelsetenesta".

Du treng ikkje bestille time i kontortida, men har du anledning kan du gjerne sende ei melding via chat i Teams for å avtale tid. Helsesøster har teieplikt og du får ikkje fråvær når du er der.

Målsettinga med skulehelsetenesta er å fremje god helse og trivsel. Gje elevane kunnskap og støtte til å betre helse og livskvalitet samt å førebygge problem og helseskade. Skulehelsetenesta kan gje deg råd og rettleiing om alt som har med helse å gjere. Til dømes:

Generelle helsespørsmål

  • Kosthald
  • Samliv og seksualitet
  • Prevensjon
  • Kjønnssjukdomar
  • Abortspørsmål
  • Rusmiddel
  • Vonde kjensler og tankar
  • Psykiske problem som spiseforstyrringar, sjølvskading
  • Graviditetstest.
  • Ein vaksen å prate med.

Helsesøster kan gi råd, rettleiing og hjelp direkte, eller hjelpe deg med å etablere kontakt med lege, psykolog, fysioterapeut. Helsesøster har teieplikt.

*annakvar mandag i veke 1 opnar kontoret kl 12.

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Kristine Berentzen
Helsesøster
kristine.berentzen@sfj.no
Send melding på chat i teams.
Tlf 57 74 00 04

Norunn Midthjell
Helsesøster
norunn.midthjell@sfj.no
Send melding på chat i teams
Tlf 57 74 00 04