Randi

Skulehelsetenesta

Randi Ohren jobbar som helsesjukepleiar på Flora vgs. Ho er tilstades tre dagar i veka.

Skulehelsetenesta er eit gratis tilbod til alle elevar ved skulen tre dagar i veka. Det er mandag, tysdag og torsdag kl 09.00 til 15.00 (mandag oddetalsveker kl. 12.00-15.00) Fråvær blir annonsert på Teams og på snapchat: helsesykepleier floravgs. 

Du treng ikkje bestille time, men du kan gjerne sende ei melding i Teams for å avtale tid. Helsesjukepleiar har teieplikt og du får ikkje fråvær når du er der.

Målsettinga med skulehelsetenesta er å fremje god helse og trivsel. Gje elevane kunnskap og støtte til å betre helse og livskvalitet samt å førebygge problem og helseskade.

Kva kan du spørje om?

Skulehelsetenesta kan gje deg råd og rettleiing i spørsmål som har med helse å gjere. Til dømes tema som samliv og seksualitet, prevensjon, kjønnssjukdommar, abortspørsmål, kosthald, stress, psykiske problem som eteforstyrringar ogsjølsskading, vonde tankar og følelsar, rusmiddel, familieproblem, bekymring for ein venn.

Du kan også få hjelp til:

  • Resept på prevensjon
  • Klamydiatest
  • Graviditetstest
  • Gratis kondom

Skulehelsetenesta kan gi råd, rettleiing og hjelp direkte, eller hjelpe deg med å etablere kontakt med lege, psykolog, fysioterapeut. Vi har teieplikt.

Føresette og lærarar kan også ta kontakt. Vi har teieplikt, men dersom eleven samtykkjer, samarbeider vi med føresette, lærarar og rådgjevar.

Helsestasjon for ungdom er åpen torsdager kl. 1400-1700. Adresse: Sunnfjord medisinsk senter, 1.etasje (helsestasjonen), Hans Blomgt 39. Se mer informasjon her: 

https://kinn.kommune.no/tenester/helse-og-velferd/helse/helsestasjon/helsestasjon-for-ungdom/
 

Kontakt

Randi Ohren
Helsesjukepleiar
randi.ohren@vlfk.no
Send melding på chat i teams
Tlf 95710083